NRK Meny
Normal

Forstår ikkje at ingen oppdaga radioaktive kasser før no

– Det er klart at folk i Nesset er bekymra for meldinga om radioaktivt stoff. Det seier lokalpolitikar Mellvin Steinvoll.

Radioaktivt stoff

Tre kasser med det radioaktive stoffet Kobolt 60 vart funne på Raudsand.

Foto: Statens strålevern

Mellvin Steinsvoll

Mellvin Steinsvoll meiner det er ufatteleg at stoffet ikkje vart oppdaga før.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

I dag vart det kjent at tre kasser med radioaktivt stoff vart funne ved dei nedlagde gruvene i Raudsand i Nesset i sommar. Aftenposten skriv at det radioaktive stoffet kobolt 60 truleg stammar frå gruvedrifta på 70-talet.

Lokalpolitikar Mellvin Steinsvolll (Ap) forstår ikkje korleis det kunne skje.

– Det er nesten ufatteleg at det ikkje har vorte oppdaga før, med all den statlege kontrollen som har vore på Raudsand etter gruvenedlegginga, seier Steinsvoll.

LES OGSÅ:

Folk er urolege

Han vil ikkje krisemaksimere situasjonen, men trur at dei som bur i området er urolege over det radioaktive funnet. Kobolt 60 har ei halveringstid på fem år. Det betyr at kjeldene kan sende ut stråling i 50 år.

Låste lokale

Fylkeslege Bergljot Vinjar

Kommunelege Bergljot Vinjar seier det er ingen grunn til å bekymre seg for helseskadar.

Foto: Picasa 2.7

Då kommunelege i Nesset, Bergljot Vinjar, fekk greie på saka i dag tidleg, tok ho kontakte med Statens strålevern. Der vart ho tryggja på at ingen av innbyggjarane har blitt utsett for radioaktiv stråling.

– Kassene vart funne i låste lokale som ikkje er brukt av nokon, i eit avstengt område, seier Vinjar.

Det er heller ikkje bustader eller turområde ved det nedlagde gruveområdet. Sjølv om det i dag er ei verksemd ved sidan av gruvene, har dei tilsette ikkje tilgang til dei stengte lokala.

På same stad i 40 år

– Kassene har truleg stått på same stad i 40 år og så lenge dei ikkje har blitt resirkulert, har dei ikkje utgjort nokon fare, seier kommunelegen.

Ho forstår at folk i bygda kan bli bekymra, men seier at det er det ingen grunn til.

Kapsla inn av bly

Det kan også Hanne Hanne Kofstadmoen, avdelingsdirektør i Statens strålevern stadfeste.

– Den radioaktive kjelda er kapsla inn av fleire centimeter med bly, og utgjer ingen helsefare for folk i nærleiken, seier ho.

Det er Direktoratet for mineralforvaltning og Nærings- og handelsdepartementet som eig området. Dei har fått pålegg om å fjerne dei radioaktive kassene.