NRK Meny
Normal

– Tungtransport-nekt kan få store konsekvensar for bygda

Folk på Nerlandsøya er svært uroa over framdrifta i planar om ei ny bru. Om knapt tre år skal det innførast akseltrykkrestriksjonar over Nerlandsøybrua, noko som vil hindre all tungtransport til og frå bygdene. No ber dei politikarane om å presse på.

Folk på Nerlandsøya vil ha ny bru kjapt.

Torbjørn Hide er leiar i velforeininga på Nerlandsøya. Han fryktar følgjene dersom det snart ikkje vert fart i sakene. Berre det å bygge ei ny bru vil ta tid, og skulle den dagen kome at det ikkje er lov å få over tunge køyretøy vil konsekvensane bli store.

Nerlandsøybrua er nesten 50 år gammal. Ho kryssar Søre Vaulen frå Igesund på Bergsøya til Kvalsund på Nerlandsøya og er 430 meter lang.

Torbjørn Hide og Oddgeir Madsen

Torbjørn Hide og Oddgeir Madsen er uroa.

Foto: Arne Flatin / NRK

Statens vegvesen har planar klare for ny bru, og der er fleire alternativ. Problemet er at dette tek for lang tid. Oddgeir Madsen er leiar for småbåtlaget og talsmann for folk på Nerlandsøya. Han meiner staten bør gå inn med forskotsbetaling dersom det er slik at fylkeskommunen ikkje har pengar. Uansett meiner han at dette no hastar.

I følgje vegvesenet er Nerlandsøybrua og Remøybrua i Herøy kommune i så dårleg stand at dei ikkje kan restaurerast, difor må det nybygg til. Om knapt tre år vil ikkje vegvesenet tillate tungtransport over Nerlandsøybrua på grunn av dette. Remøybrua har litt meir tid på seg.

Nerlandsøybrua

Nerlandsøybrua frå 1968.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) i Herøy deler bekymringa med bygdefolket. Tida går fort og Goksøyr meiner det no må handling til. Han vil arbeide med saka i tida framover for å prøve å få fortgang i prosessen.

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr, ordførar i Herøy (H)

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det kan vere at det vert gjort nye målingar som gjer at levetida eventuelt vert noko lenger, men det får vi sjå på, seier Goksøyr.

No er det altså viktig å få fram konseptet og starte arbeidet med ny bru.

Kor komfortabel er Herøy kommune med framdrifta i denne prosessen ?

– Vi veit at det er gjort grunnundersøkingar, men eg synest kanskje det er brukt for mykje tid på alternativ som er uaktuelle kontra det som er aktuelt og no vil eg inderleg håpe at ein på kort tid greier å lande ei løysing så vi får starte med å presse på for finansiering.