Hopp til innhold

Folk hissar seg opp over 500 rosa ballongar

Utslepp av 500 rosa helium-ballongar i Ålesund onsdag kveld set sinna i kok. Kreftforeininga ville ha merksemd om brystkreft, no blir dei skulda for miljøforsøpling.

Rosa sløyfe ålesund

Tanken var å danne eit stort, rosa hjarte av ballongar, som steig opp mot himmelen. No får kreftforeininga pepar for ideen.

Foto: Per S. Welle

Det var stor ståhei i Ålesund sentrum onsdag kveld då fleire hundre menneske møtte opp for å vere med å sende til vers kvar sin heliumfylte rosa ballong.

Arrangementet var meint å støtte opp om arbeidet mot brystkreft, og tanken var at dei rosa ballongane skulle danne eit hjarte som steig til vers.

Men no reagerer fleire på ballongsleppet.

Annelise Kleppe

Annelise Kleppe er ei av dei som syns kreftforeininga burde funne ein annan måte å skape merksemd rundt kreftsaka.

Foto: privat

– Eg blei rett og slett forbanna. Det er forsøpling i stor skala og i strid med norsk lov. Eg forstår ikkje korleis dei kan markere ei så god sak med å forsøple naturen som dei sjølve er avhengige av, seier Annelise Kleppe (31) frå Herøy.

Vurderte det som greitt

På Facebook-sidene til NRK Møre og Romsdal skriv fleire at dei støttar saka, men syns det er ein dårleg måte å markere ho på.

Anne-Barbro Nygård

Leiar Anne-Barbro Nygård i Brystkreftforeningen i Ålesund og omegn seier dei vurderte det å få merksemd rundt kreftsaka, som viktigare enn forureininga.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Anne-Barbro Nygård i Brystkreftforeningen i Ålesund og omegn seier at også dei har fått reaksjonar, og dei ikkje kom heilt uventa. Ho meiner likevel at forurensinga frå dei 500 ballongane er så minimal, at det må vere greitt, når saka er så viktig.

– I mengde var det ikkje to fulle handleposar, så vi vurderte det slik at det ikkje var så mykje ... vi bestemte oss for å køyre det likevel, seier ho.

Men er ikkje dette eit dårleg signal, ikkje minst frå kreftforeininga?

– Vi tenkte at dette var ikkje meir enn at det kunne tolast, seier ho.

Les også:

Kraftig kritikk frå miljøvernarar

Lise Gulbransen

Lise Gulbransen i Hold Norge Rent er sjokkert over at kreftforeininga sleppte ut 500 ballongar i Ålesund nyleg.

Foto: privat

Lise Gulbransen, dagleg leiar for Hold Norge Rent er sjokkert over det som skjedde i Ålesund i går kveld. Endå meir frustrert blir ho når ho får høyre at dei fekk innspel om miljøaspektet på førehand, og likevel valde å gjennomføre arrangementet.

– Det gjer saka endå tristare, seier ho.

Ho viser til rapporten frå i fjor som viser at på verdsbasis er ballongar av det søppelet som drep mest av livet i havet. Ho seier ballongane på sikt blir brotne ned til mikroplast, som er den store miljøsyndaren.

– Eg oppfordrar dei til å rydde opp etter seg, men ballongane er nok allereie komne langt på avvegar, så det er nok andre som endar opp med å rydde opp etter kreftforeininga.

Kjem ikkje til å gjenta stuntet

Rosa sløyfe ålesund

Rundt 500 menneske deltok under markeringa mot brystkreft i Ålesund onsdag kveld. Alle fekk kvar sin ballong, som dei sleppte til vers.

Foto: Per S. Welle

Vakthavande jurist Elin Drønnen ved Møre og Romsdal politidistrikt seier på generelt grunnlag at ho ikkje kan utelukke at eit slikt ballongslepp kan vere ulovleg. Ho seier også at det går det an å få dispensasjon frå forureiningslova, dersom kommunen gir løyve til det.

Kreftforeininga i ålesundsområdet seier dei ikkje kjem til å gjenta stuntet, men at det ikkje har med kritikken å gjere. Og reaksjonane forstår leiaren godt.

– Det har jo vore litt fokus på dette med forureining og kva dei finn i magane til fugl og fisk, det syns eg er leitt, seier Anne-Barbro Nygård.