Hopp til innhold

Då koronautbrotet kom blei det hamstra dopapir, hermetikk – og gulrot!

Pakkeria jobbar på spreng for å forsyne norske kundar med gulrot. Koronautbrotet har ført til stor vekst i salet av norske rotgrønsaker.

Gulrot Smøla

FOR FULL MASKIN: På Smøla går maskinene for fullt med vasking og pakking av gulrot.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I løpet av dei to første vekene av utbrotet auka salet av gulrot med over 30 prosent.

– Vi fekk ei veldig omsetningsauke i forbindelse med hamstringa, seier styreleiaren i Smøla produksjonslag, Odd Harald Solheim.

Leverte dobbelt så mykje

I tillegg til hamstringa har ein svært dårleg haust for potet og gulrot på Austlandet i fjor ført til auka press på produsentane andre stader i landet.

Odd Harald Solheim, Smøla produksjonslag

Odd Harald Solheim, styreleiar i Smøla produksjonslag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På Smøla har maskinene til tider gått heile døgnet, og i koronavekene har dei pakka meir enn dobbelt så mykje gulrot som vanleg.

– Normalt leverer vi berre til Møre og Romsdal, men sidan dei begynte å gå tomme på Austlandet, måtte vi også supplere der slik at det skal vere nok norsk gulrot i heile landet så lenge som mogleg, seier Solheim.

Jobbar døgnet rundt

Bjørn Oppberget er marknadsansvarleg i Gartnerhallen og representerer 1150 norske frukt- og grønsakprodusentar.

Han seier det er mange rotfruktprodusentar har jobba hardt for å klare å pakke nok til å forsyne kundane.

Tala viser at dei selde 150 tonn meir gulrøter enn vanleg dei to første vekene av utbrotet.

– I ei normal veke sel vi normalt rundt 450 tonn. Desse vekene var volumet i overkant av 600 tonn per veke, seier Oppberget.

Dei sel framleis meir gulrøter enn vanleg, men no ligg salet på mellom 480 og 500 tonn i veka.

Odd Harald Solheim

Odd Harald Solheim i pakkeriet på Smøla.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Lagar meir mat heime

Oppberget trur folk handla poteter, gulrot og kålrabi som aldri før fordi dei lagar meir mat heime.

– Vi har hadde ein ekstrem vekst i salet av norske rotgrønsaker frå 13. mars og utover. Det er sjølvsagt veldig bra, men vi skulle hatt større lager, seier han.

Gartnerhallen trur dei går tomme for mange av rotfruktene allereie no i slutten av april. I ein vanleg sesong planlegg dei for at lagera skal rekke til juni.

Kommunikasjonsdirektøren i Bama, Pia Gulbrandsen, stadfestar at salet av grønsaker som kan lagrast auka då koronautbrotet kom.

– Det var ei kraftig auke i starten, som følge av endra handlevanar. Folk hamstra poteter, kålrot, gulrot og løk, altså lagringsgrønsaker. Men no har dette normalisert seg, seier ho.