Selskapet har som det første i Europa tatt i bruk eit varslingssystem som gjer at kundane automatisk blir oppringt ved straumbrot.
Ordninga gjer at kundane også automatisk får varsling om planlagde brot i straumforsyninga.
Det er det norske selskapet UMS som har utvikla systemet.
NEAS har også gjort ein brukarundersøkelse, og den syner at kundane vil sette stor pris på det nye systemet. NEAS meiner også at denne tjenesten vil gjere tilgjengeligheita til sentralbordet og feilmeldingssentralen betre under eit straumbrot, fordi folk ikkje vil ringe inn i same grad som tidlegare.