Hopp til innhold

Følg uvêret her

Ein ny runde med uvêr rasar på Sunnmøre. Bussar har blåst av vegen, ferjesamband er innstilt og flytrafikken stengt. Få dei oppdaterte meldingane her.

Parkgata

Det er sendt ut OBS-varsel i Møre og Romsdal på grunn av kraftige snøbyer og vanskelege køyreforhold. Her frå Parkgata i Ålesund i morgontimane.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Ferje

Mange folk samla seg ved ferjeleiet på Hareid. Sambandet er innstilt på grunn av vêret.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Frå 05-tida og utover tikka det inn meldingar om innstilte ferjesamband på grunn av vêret. Svært mange ruter var råka. Utover morgonen løyar derimot vinden, og rutene begynner så smått å kome i gong igjen. Her er ei oppdatert liste.

  • Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya. Klokka 08.30 meldar Norled at det er normal drift i sambandet.
  • Årvika-Koparneset er tilbake i drift
  • A og B-ruta mellom Brattvåg – Dryna – Fjørtofta – Harøya er i drift frå 9.30-tida, men passagjerar må rekne med forseinkingar.
  • Romsdalsruta er i drift igjen frå 9.30-tida.
  • Hurtigbåten mellom Ålesund, Valderøy og Hareid er så smått tilbake i drift, men anløp av Valderøy er framleis innstilt.
  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya tek sats på normal drift frå 9.45, men anløpet av Åram er noko usikkert.
  • Romsdalsruta er i rute frå klokka 10.10
  • Molde-Vestnes har vore stengt ein periode, men vart opna att for trafikk i 09-tida. Ruta vil framleis ha forseinkingar.

Sjå fleire trafikkmeldingar for Møre og Romsdal på trafikksidene til NRK.

Fly trefte flytrapp

Ålesund lufthavn er no stengt for flytrafikk som følgje av uvêret.

SISTE: I 12.30-tida begynte flytrafikken å gå igjen på Vigra.

Fredag morgon vart ei flytrapp treft av eit Norwegian fly som vart snudd 90 grader med vinden. Flyet fekk materielle skader som følgje av samanstøyten.

– Flyet kan ikkje ta av som følgje av hendinga, men sånn sett så kan ingen fly ta av no på grunn av den sterke sidevinden som er på rullebana, seier stasjonssjef Tor Hånde i Avinor.

Ifølgje Hånde er det er målt over 60 knop på rullebana, noko som er over orkans styrke.

– Det er veldig kraftig vind på tvers av rullebana. Det gjer at det er umogleg å ta av eller lande slik som forholda er i dag, seier han.

Bussar blåste av vegen

Buss blåste av vegen på Roald

Ein buss blåste av vegen rett ved skulen på Roald i Giske.

Foto: Hilde Røsvik / NRK

To bussar blåste av vegen i Giske kommune på Sunnmøre i 06-tida.

Flybussen på veg til Ålesund lufthavn Vigra blåste av vegen like ved flyplassen. Tre av passasjerane fekk lettare skadar.

På Godøya blåste ein tom buss av vegen ved kyrkja. Litt seinare blåste også tom buss av vegen ved barneskulen på Vigra. Vakthavande i Nettbuss, Alf Aamaas, seier det ikkje er forsvarleg å køyre slik som forholda er no.

– Vi har derfor avgjort å innstille alle avgangar på Vigra, Godøy, Giske og Valderøya inntil vidare, seier han.

SISTE: Bussane vil begynne å gå att frå klokka 9.30, opplyser Nettbuss.

Godøytunnelen på Fv 658 var stengt i morgontimane, men vart opna igjen like før klokka åtte.

Politiet på Sunnmøre åtvarar om glatte vegar og sterk vind. Det blåsar orkan i kasta og politiet har sperra trafikken ut til Giskeøya.

Vindfullt

Også nabokommunen Haram får føle på stormen. I 6.30-tida blåste delar av eit løetak av på Grytestranda og skada køyretøy som stod parkert. I same område er det skade på ein lågthengande kabel over vegen som gjer at større køyretøy ikkje kan passere.

I Søvik blåste ein bil av vegen, men ingen personar vart skadde, opplyser politiet.

I Ålesund fekk eit tre juling i stormen og står i 45 graders vinkel over parkerte bilar i Fjellgata. Politi, brann og kommune var på staden i 8.30-tida, opplyser Sunnmøre politidistrikt.

Saka blir oppdatert.