Hopp til innhold

Følg opninga direkte klokka 13

I dag opnar bytrappene i Ålesund etter å ha vore stengde sidan august i fjor. Det skal sjølvsagt feirast med fest i byparken, og du kan følgje opninga direkte her frå klokka 1300.

Følg opninga av bytrappene i Ålesund frå klokka 13

Følg festen direkte her frå klokka 13.

Dei kvite, nyrestaurerte trinna tel framleis 418 og er eit spektakulært syn der dei slynger seg opp langs byfjellet Aksla.

"Byrampen" i trappene opp mot Aksla

Utsiktspunktet «Byrampen» ligg om lag midtvegs i trappene.

Foto: Berge Myrene / NRK

Det skal haldast talar og syngast, før dei frammøtte får teste trappene med utsiktspunktet «Byrampen» som ny attraksjon. Det er også her den offisielle opninga vil skje.

Også på toppen blir det kulturelle innslag og talar. Det er venta at svært mange vil ta turen for å feire at trappene no er opne igjen.