Hopp til innhold

Følg nettsendinga om folkerøystingane her tysdag klokka 1015

Folket i 14 kommunar har sagt sitt. Men kva betyr det eigentleg at innbyggjarane seier ja eller nei til å slå seg saman med naboen?

Programleder Tore Ellingseter og kommentator Trond Vestre guider oss gjennom resultatene etter innbuggeravstemningene og -undersøkelsene i Møre og Romsdal.

Måndag kveld blir resultata frå dei første folkerøystingane om kommunesamanslåing i Møre og Romsdal klare. I 13 kommunar på Nordmøre og Romsdal - i tillegg til Vanylven på Sunnmøre - har sagt frå kva dei meiner om dei ulike alternativa for å slå seg saman med naboar.

Men kva betyr det heile? Tysdag formiddag, nærmare bestemt frå klokka 10.15, gir NRK Møre og Romsdal deg analysar og kommentarar som kan gi deg litt meir forståing av kva resultata betyr.

Sjekk resultata frå din kommune her.

Direkte frå Nordmøre og Romsdal

Programleiar Tore Ellingseter har med seg Trond Vestre i studio. I tillegg skal vi direkte inn frå fleire kommunar i Romsdal og frå Tingvoll på Nordmøre, der fleire ordførarar er samla for å kommentere resultatet.

– Det er jo eit spesielt val, seier Tore Ellingseter.

– I tidlegare folkerøystingar har vi sagt ja eller nei til noko, medan her kan folk velje opp mot seks ulike alternativ.

Han seier målet er å forklare kva vi kan lese ut av dei ulike resultata.

– Det kan bli veldig uoversikteleg, men vi håper vi kan rydde litt opp for folk. Trond Vestre har jobba mykje med kommunereformen, og med kommentarar frå ordførarar rundt om i fylket, trur eg dette kan bli veldig bra, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL