Hopp til innhold

Kan Ranheim lage trøbbel for Molde?

Ranheim slo ut Aalesund i 3. runde av NM. Kan dei lage trøbbel for Molde òg? Følg kampen direkte her.

Molde fk

Molde gjekk vidare til 4. runde etter å ha slått Hødd 7-6 etter straffer på Høddvoll. Her jublar Magnus Wolff Eikrem, saman med Emmanuel Ekpo, Daniel Chima Chukwu og Mattias Moström, etter å ha scora 1-1 på overtid i andre omgang. Scoringa sikra ekstraomgangar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Ranheim gjestar Molde i 4. runde av NM, der heimelaget utan tvil er favoritt.

Slo ut heile Sunnmøre

I 3. runde tok derimot Ranheim skalpen til Molde-nabo og -rival Aalesund.

Det stod 2-2 til full tid, då AaFK møtte Ranheim borte, før trønderane scora både 3-2 og 4-2 i ekstratida. Dermed small ei lita cupbombe på DNB Arena .

Det andre laget frå Sunnmøre, Hødd, tok Molde seg av.

Fjorårets cupmeister gjekk lenge mot siger og avansement, men på overtid i andre omgang utlikna Magnus Wolff Eikre til 1-1 på Høddvoll.

Dermed blei det ekstraomgangar, der laga scora kvar sitt, før Molde avgjorde med 5-4, til 7-6, i straffesparkkonkurransen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL