Hopp til innhold

Molde slo AaFK

Søndag ettermiddag er det duka for det optimale lokaloppgjeret når Aalesund FK tek imot Molde FK heime på Color Line Stadion.

Leke James feirer målet

HØYR: Følg kampen mellom Aalesund FK og Molde FK direkte frå klokka 15.30.

Oddsa er i Molde sin favør når dei møter AaFK på bortebane i Ålesund. Dei to laga har møtt kvarandre totalt 19 gonger i Tippeligaen.

Molde har vunne heile 13 av desse møta, fem har enda uavgjort, medan Aalesund berre har éin Tippeliga-siger over Molde. Aalesund har i tillegg aldri vunne heime mot Molde.

AaFK ligg på ein foreløpig 10.-plass på tabellen, medan Molde ligg på 7.-plass før søndagens kamp.

Veteranen Daniel Berg Hestad meiner at dei kjem til å vinne kampen om fylket også denne gongen.

– Det er eit lokalderby, og kampen om Møre og Romsdal. Vi vil reise dit og vise kven som er storebror, og det har vi jo som vane å gjere, sa Hestad til NRK fredag.

Hoseth og Solskjær

Dette blir også Magne Hoseth sin første kamp i AaFK-trøya mot gamlelaget. Hoseth har i ei årerekke spelt Molde FK, men i sommar signerte han ei kontrakt med rivalen AaFK ut sesongen.

Der møter Hoseth også sin gamle trenar, Ole Gunnar Solskjær, som er tilbake på bana etter at han tidlegare denne veka tok over ansvaret som manager for Molde FK. Solskjær har møtt Aalesund seks gonger som Molde-trenar, og alle seks kampane har Molde vunne.

Laster innhold, vennligst vent..

I Ålesund er AaFK klar for kamp.

Laster innhold, vennligst vent..