Kristiansund tapte heime mot Kongsvinger

Kristiansund tronar på toppen av førstedivisjonstabellen og siktar mot opprykk. I dag får dei besøk av Kongsvinger.

KBK - Kongsvinger

Kristiansund satsar på siger over Kongsvinger i kveld. Her er Daouda Karamoko Bamba farleg frampå.

Foto: Roar Halten / NRK
Laster innhold, vennligst vent..

– Stemninga i laget og byen er bra akkurat no. Vi har flyt om dagen, og det blir gjenspegla i humøre og gløden, seier dagleg leiar i KBK, Kjell Thorsen til NRK.

I toppkampen mot Sandnes Ulf fekk Kristiansund ein spelar feilaktig utvist. Sandnes Ulf snudde kampen og gjekk sigrande ut av oppgjeret. Kristiansund har levert inn protest og krev omkamp. Denne situasjonen har ikkje sett noko negativt preg på oppladinga før kampen mot Kongsvinger, seier Thorsen.

– Nei. Dette har vi lagt på vent. Vi fokuserer berre på neste kamp. Vi kan ikkje gjere meir med dette. No får fotballforbundet avgjere dette.

Kristiansund har hatt topplassen på tabellen i lang tid. Men først no byrjar klubbleiinga å snakke om opprykk.

– Trykket på oss blir større for kvar kamp. Og vi ser at det blinkar noko i det fjerne, noko som berre er heilt fantastisk. No skal vi halde fokus på ein kamp om gangen.

De snakkar heile tida om ein kamp om gangen. Men no tør de å tenkje på opprykk?

– Med den posisjonen vi har no blir det feil å sjå nedover på tabellen. No går vi inn med alt. No spelar vi for at vi skal spele i Tippeligaen i 2017.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video/lyd

Distrikta kjem til å tape på den nye politireformen. 
Det meiner pensjonert lensmannsbetjent Johan Arnt Overøye. 
Med over 20 års erfaring frå ulike jobbar i politiet kjenner han etaten godt...
Ein drøy månad før seriestart, reiste i dag Kristiansund stadion si første lysmast godkjend for eliteserien. 
Tida er knapp, men klubben lovar å ha heimearenanen klar til seriestart mot Molde 1.april
I dag starta bygginga av den første Hurtigruta på Kleven verft. No venter eit stort arbeid. Konsernsjef i Hurtigruten føler seg trygg på at dei kjem til å få byggje fire ekspedisjonsskip ved Kleven.