NRK Meny
Normal

Mendy blei helten for Kristiansund

Kristiansund har slått Haugesund 3–2 i ein dramatisk kamp. Alle måla kom i andre omgang.

Eliteserien fotball 2017 Kristiansund- Haugesund

Her skyt Kristiansunds Sondre Sørli mål. Men like etter laga Kristiansund sjølvmål.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Det blei ein dramatisk kamp i Kristiansund. Begge måla til bortelaget kom etter at to Kristiansund-spelarar var uheldige. Likevel kom Kristiansund sterkt tilbake mot slutten.

Først sende Benjamin Stokke KBK i føringa nokre minutt etter pausen. Men Sean McDermott sette ballen i eige mål, etter klabb og babb inne i feltet. Så tok Kristiansund leiinga på nytt ved innbytar Sondre Sørli. Men kort tid etter sette Kristiansunds Dan Peter Ulvestad ballen i eige mål.

Så var det innbyttar Jean Allasane Mendy sin tur. Han sikra sigeren med scoringa fem minutt før slutt. I dag blei han den store helten i Kristiansund.

– Dette kjennes svært bra. Det er bra både for min del og for laget sin del, seier Mendy til NRK.

– Dette verkar som tre svært viktige poeng?

Ja, sjølvsagt. Vi må ta poeng på heimebane. No må vi berre halde fram på denne måten, legg han til.

Kristiansund-trenar Christian Michelsen var eit einaste stort smil etter kampen.

– Eg er både glad og letta. Det heile skjedde på ein imponerande måte. Eigentleg var det ein maktdemonstrasjon. Vi fekk 1-1 i trynet og det same med 2-2. Likevel klarte vi å kome opp og tilbake for tredje gang. Det er ekstremt viktig, og det krev mental styrke, seier Michelsen.

Kristiansund og Haugesund har no begge 11 poeng.

28. mai skal Kristiansund møte Sogndal, og Haugesund møter Sarpsborg

Laster innhold, vennligst vent..