Hopp til innhold

Kristiansund slo Jerv 1–0

Kristiansund slo Jerv 1–0 på bortebane søndag. Dermed held Kristiansund på den direkte opprykksplassen i 1. divisjon.

Jerv - Hødd 270915

Kristiansund BK møter Jerv på bortebane.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Brann spelar sin kamp på måndag, og Kristiansund og Brann låg med like mange poeng før denne serierunden.

Målforskjellen mellom dei to laga er ganske lik. Dersom Brann vinn med meir enn to mål i kampen mot Bryne måndag, går dei forbi Kristiansund.

Trener Christian Michelsen for Kristiansund BK etter seieren mot Jerv.
Laster innhold, vennligst vent..

Vi sit att med ei fantastisk kjensle i dag. Vi visste vi kom til ein utruleg vanskeleg arena. Jerv har vore solide i heile år. Vi visste vi måtte fighte og vi gjorde det frå første sekund, seier trenar Christian Michalsen i denne videoen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL