NRK Meny
Normal

– Vi fortente ikkje å gå vidare

Cupbomba er eit faktum etter at Molde tapte 1–2 mot andredivisjonslaget Stjørdals/Blink onsdag kveld. Dei er dermed ute av årets cup.

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær tek sjølvkritikk etter tapet mot Stjørdals/Blink.

Cupbomba slo til igjen under onsdagens kamp mellom Molde og 2.-divisjonslaget Stjørdals/Blink. Laget frå Trøndelag starta best og Jørgen Sollihaug sette ballen i mål før trønderane etter seks spelte minutt. Då dei to laga gjekk til pause stod stillinga framleis 1–0 til Stjørdals/Blink. Ni minutt ut i andre omgang utlikna Thomas Amang for Molde. Det var likevel ikkje nok til å ta seg vidare i cupen.

79 minutt ut i kampen tek Stjørdals/Blink styringa igjen og Tom Rune Hønnås aukar stillinga til 2–1. Dermed er cupbomba eit faktum.

– Eg er sjølvsagt skuffa, men vi fortener ikkje å gå vidare, seier Molde-manager Ole Gunnar Solskjær til NRK etter kampen.

Tek sjølvkritikk

Han tek sjølvkritikk etter tapet mot 2.-divisjonslaget frå Trøndelag.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær tek sjølvkritikk etter tapet mot Stjørdals/Blink.

Foto: NRK

– Stjørdals/Blink scorar to mål og får ein veldig god start. Vi var ikkje godt nok førebudd. Det er eg som har lagt opp løpet til denne kampen, og det er tydeleg at eg ikkje har førebudd gutane godt nok, seier han.

– Korleis?

– Vi reiste til kamp i dag. Vanlegvis reiser vi dagen før. Det er tett kampprogram i mai. Eg satsa på at det gjekk fint å reise same dag som vi spelte, men slik var det tydelegvis ikkje, seier Solskjær.

– Men det skal vel likevel ikkje vere mogleg å tape for eit lag som ligg på femteplass i 2. divisjon?

– Leicester vann Premier League også. Fotball er sånn av og til, seier Solskjær.

– Vi sviktar

Også Ruben Gabrielsen var skuffa etter tapet mot Stjørdals/Blink.

Ruben Gabrielsen

Ruben Gabrielsen og resten av Molde må reise skuffa heim frå Stjørdal.

Foto: NRK

– Eg synest at unggutane som spelar i dag gjer ein god jobb, medan vi rutinerte spelarane er langt under par, seier han.

– Det er innsats og guts dei tek oss på. Vi har ballen mykje og kan skape sjansar, men det skjer ikkje, held han fram.

Molde skal no prøve å legge cuptapet bak seg og rette merksemda si mot eliteserien.

– No har vi berre serien å konsentrere oss om og det kan jo kanskje vere greitt, seier Solskjær.

Ruben Gabrielsen om tapet mot Stjørdals/Blink.
Laster innhold, vennligst vent..

Molde FK har tidlegare vunne cupen i 2013 og 2014. I år må dei sjå seg slått ut i den tredje runden av cupen. Også i går rauk AaFK ut av cupen etter at dei tapte mot 2.-divisjonslaget Brattvåg. Dei er no Møre og Romsdal sitt einaste håp i årets cup.

Eitt skritt nærmare Ullevaal

Stjørdals/Blink er dermed vidare i cupen og svært fornøgd med det.

– Det er heilt sjukt. Mange av dei vi møtte spelte europacup seinast i fjor. At vi klarer dette er heilt fantastisk, seier Stjørdals/Blinks første målscorar, Jørgen Sollihaug til NRK.

– At vi i tillegg kjem tilbake etter at dei utliknar til 1–1 er heilt sjukt, legg Sollihaug til.