Hopp til innhold

Uavgjort på Høddvoll

Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen var sann passe fornøgd med 1–1 i søndagens seriekamp mellom Hødd og Bryne på Høddvoll.

Hans-Erik Eriksen

Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen har klare ambisjonar for årets sesong. Han var passe fornøgd med søndagens kamp mot Bryne.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Stillinga stod 0–0 mellom Hødd og Bryne då dei to laga gjekk i garderobane til pause under søndagens 1.-divisjonskamp på Høddvoll. Begge laga hadde fleire moglegheiter på mål i første omgang, men greidde ikkje å sette ballen i mål.

Etter pause kom dei to laga målbevisst tilbake på bana, og etter 56 minutt greidde Hødd-spelar Eirik Ulland Andersen å sette ballen i mål til stor jubel frå heimepublikumet på Høddvoll.

Men gleda varte ikkje lenge. Berre tre minutt seinare sette Oddbjørn Skartun ballen i mål for Bryne og stillinga var dermed 1–1.

Verken Hødd eller Bryne greidde å skape gode nok moglegheiter i dei resterande minutta av kampen, og dei to laga deler dermed poenga i deira første seriekamp i år.

– Vi skal ikkje ha for vane å vere fønøgd med uavgjort på heimebane, men med tanke på dagens kamp så skal vi vere det. Bryne har mange gode sjansar på mål, så alt i alt er eg passe fornøgd i dag sjølv om vi sjølvsagt ønska seier på heimebane, sa Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen etter kampslutt.

Har store ambisjonar for sesongen

Hødd har henta inn Hans-Erik Eriksen som ny trenar føre årets sesong. Det har også skjedd fleire endringar på spelarsida, både med nye spelarar som har kome til klubben, og spelarar som har forlate klubben sidan førre sesong.

I dag startar 1. divisjon for fullt og Eriksen har klare ambisjonar om at Hødd skal bli betre denne sesongen.

– Vi ønsker å overgå oss sjølv. Det gjeld også i forhold til plassering på tabellen. I fjor blei Hødd nummer fire og spelte kvalifisering til tippeligaen. Vi ønskjer å vere i den øvre delen av tabellen også i år, og bli betre enn i fjor. Så får vi sjå kor det går i løpet av sesongen, sa Eriksen til NRK før sesongstart.

Laster innhold, vennligst vent..

Desse spelar

Hødd:

  • Jan Lennart Urke – Christoffer Aasbak, Joakim Wrele, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim – Torbjørn Kallevåg, Fredrik Sjølstad, Øystein Vestvatn – Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot, Magnus Myklebust

Innbytarar:

  • Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Didrik Sereba, Joachim Magnussen, Michael Karlsen, Bendik Torset, Sondre Beite

Nykomlingen Eirik Skaasheim går rett inn på laget, medan Steffen Moltu må stå over grunna karantene frå tampen av førre sesong.

Bryne:

  • Jonas Høidahl, Torstein Mjoenner, Krister Wemberg, Vegar Landro, Paul Addo, Magnus Grødem jr, Fitim Kastrati, Bjørnar Holmvik, Patrik Byskata, Mads Boegild, Oddbjørn Skartun.

​Innbytarar:

  • Ante Knezovic, Sondre Norheim, Pål Fjelde, Paal Aamodt og Sander Ystanes.
Laster innhold, vennligst vent..