Hopp til innhold

Hødd tapte kampen og tre viktige poeng

Hødd tapte 0–2 mot Jerv på heimebane i Ulsteinvik søndag kveld og gjekk dermed glipp av tre viktige poeng.

Hødd - Kristiansund

Arkivfoto: Hødd tapte kampen og tre viktige poeng då dei tok i mot Jerv søndag kveld.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Hødd ligg framleis over nedrykksstreken, men har fire tøffe kampar igjen før sesongen er over.

Laget frå Ulsteinvik er dermed framleis i faresone for å rykke ned etter denne sesongen. Dei siste fire kampane mot Sandefjord, Bryne, Strømmen og Sandnes Ulf vil difor bli ekstra viktige for Hødd.

Jerv tok leiinga etter 30 spelte minutt då Tonny Brochmann sette ballen i mål bak Hødd-keeper Jan Lennart Urke. Hødd greidde ikkje å ta igjen forspranget i andre omgang og etter 53 spelte minutt scora Eirik Haugstad for Jerv og stillinga stod 0–2 til Jerv. Dette blei også sluttresultatet.

Raudt kort til Hatakka

Hødd-back Dani Hatakka fekk sitt første gule kort etter 12 spelte minutt. Då han fekk sitt andre gule 36 minutt ut i kampen, og automatisk raudt kort, betydde det at Hødd måtte spele resten av kampen med berre 10 spelarar.

Dei greidde ikkje heilt å utnytte sjansane sine og tapte til slutt 0–2 mot Jerv som no ligg på andre plass på tabellen, fem poeng bak serieleiar Kristiansund BK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL