Hopp til innhold

Seier for Hødd på heimebane

Hødd stilte på heimebane og møtte Follo FK. Det enda i seier og 2-1 for heimelaget.

Hødd

Hødd møter Follo FK på Høddvoll.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Før kampen var Hødd på tredjeplass på tabellen, medan Follo FK var på niande plass. Likevel var det berre tre poeng som skilte dei to på tabellen.

– Slår vi Follo har me hatt ein god vårsesong, seier Hødd-trenar Sindre Eid til hodd.no.

Hødd har ikkje vunne dei fem siste kampane sine, og sist dei vann i 1. divisjon var då dei spelt borte mot Bryne. Då enda kampen 4–1 til Hødd.

Follo FK er eit av dei laga i 1. divisjon som har plukka fleire poeng på bortebane enn kva dei har gjort på heimebane. Laget hadde før kampen tatt sju poeng dei fire siste bortekampane sine.

Hødd og Follo har møtt kvarandre åtte gongar sidan Follo FK var stifta i 2000, og av dei kampane har Hødd tapt sju og vunne ein.

Få oversikt:

Laster innhold, vennligst vent..

Sjå tabellen:

Laster innhold, vennligst vent..