Hopp til innhold

Meiner «Demps» blir viktig mot Haugesund

Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær meiner Mark Dempsey blir svært viktig når Molde går for tre poeng borte mot Haugesund.

Mark Dempsey og Ole Gunnar Solskjær

Mark Dempsey (t.v.) og Ole Gunnar Solskjær i prat då Dempsey framleis var Haugesund-trenar. Etter fjorårssesongen returnerte engelskmannen til Molde.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Mark skal få ta analysen og kamppraten før kampen, så gutane skal få all innsideinformasjonen dei treng, seier Solskjær.

Dempsey var Haugesund-trenar frå 2015 og i 2016-sesongen, før han var innom Djurgården òg i 2016. Før jul blei han ein del av trenarteamet til Solskjær i Molde igjen. Saman tok dei mellom anna to seriegull i 2013 og 2014.

Når Molde møter Haugesund i Rogaland kjem kunnskapen engelskmannen godt med.

– Du er nøydd til å bruke dei ressursane du har. «Demps» hadde eitt og eit halv år i Haugesund, han fekk lære og oppleve mykje, og det dreg vi nytte av no, seier Solskjær til heimesida til Molde før bortekampen.

Vil unngå fjorårsreprise

Molde har opna eliteserien solid, med tre sigrar og eitt tap. Med ny siger mot Haugesund klatrar dei heilt opp i ryggen på leiande Rosenborg – som spelte uavgjort mot Aalesund søndag.

Bortekamp i Haugesund er derimot ikkje enkelt, meiner Solskjær. Det var tydeleg i fjor då rogalendingane henta opp 0–3 og sikra uavgjort 3–3.

– I fjor tok vi godt tak i kampen, var gode med og utan ball, men i år må vi sørgje for at dei siste minutta blir betre, slår Molde-trenaren fast.

Han meiner solid forsvarsspel og fartsfylte angrep blir nøkkelen.

– Vi skal angripe fort, med trykk og mange spelarar, i tillegg til å ha fysikk i vår eigen og deira boks. Det er eit litt anna scenario for laga som møter oss i år samanlikna med i fjor. No står vi ikkje tilbake for nokon fysisk, heller andre vegen – vi er sterkare og raskare enn dei fleste, meiner Solskjær.

Laster innhold, vennligst vent..