Hopp til innhold

Følg Haramsøy i finalen i Klassequizen

Sist laurdag kvalifiserte Haramsøy seg til landsfinalen i Klassequizen 2017. I kveld får du svaret på om dei går heilt til topps i den spennande konkurransen.

Haramsøy Klassequizen 2017
Foto: Henriette Mordt / NRK

Det var svært spennande då Haramsøy kvalifiserte seg til sjølvaste finalen. Haramsøy deltok i semifinale nummer to sist laurdag. Og dei låg heilt i toppen heile tida, utan å vite det sjølve. For deltakarane får ikkje vite korleis dei ligg an medan konkurransen pågår. Men publikum skjønte tidleg at Haramsøy låg godt an.

– Eg såg reaksjonane til faglæraren vår. Og jubelen til faglæraren var ikkje til å ta feil av, sa Håkon Farstad Brekke til NRK etter semifinalen.

Haramsøy, som representerte Møre og Romsdal i semifinalen, kom til slutt heilt på topp på resultatlista i semfinale 2. Då to lag måtte ut i ekstrarunder kjende dei tre deltakarane frå Haramsøy seg litt usikre på korleis dei låg an. Det dei ikkje visste sjølve var at dei hadde flest poeng av alle.

Og no er det berre å gjere seg klar til den store finalen i studio på Marienlyst. Finalen går på NRK1 i dag laurdag 27. mai klokka 19.55. Frå same tidspunkt er finalen tilgjengeleg her på nettsidene våre.

Landets beste 10.klassinger møtes til kunnskapskonkurranse. Etter innledende runder i alle landets fylker, er nå 19 lag klare for finale i Oslo. To semifinaler leder opp mot finalen. Ungdommene imponerer med kunnskapene sine og slagordet for Klassequizen passer godt. "Vi kan mer enn du tror!" Lagene skal igjennom en rekke kategorier om mange ulike tema før vi kan kåre en vinner. (3:3)

Haramsøy skule hadde ein spennande veg til finalen. Her kan du følgje semifinalen som gjekk på lufta sist laurdag.

Landets beste 10.klassinger møtes til kunnskapskonkurranse. Etter innledende runder i alle landets fylker, er nå 19 lag klare for finale i Oslo. To semifinaler leder opp mot finalen. Ungdommene imponerer med kunnskapene sine og slagordet for Klassequizen passer godt. "Vi kan mer enn du tror!" Lagene skal igjennom en rekke kategorier om mange ulike tema før vi kan kåre en vinner 27. mai. (2:3)

Men Haramsøy sin veg fram til finalen starta ikkje der. I heile vinter har skulane i Møre og Romsdal kjempa mot kvarandre for å vere den som skulle representere Møre og Romsdal i dei sentrale og landsdekkande semifinalane og finalane. Mot slutten var det Rindal og Haramsøy som sto att i Møre og Romsdal. Og det vart ein svært spennande fylkesfinale der Haramsøy til slutt stod att som fylkesvinnar. Du kan sjå den spennande fylkesfinalen her:

2017, fylkesfinale i Møre og Romsdal