NRK Meny
Normal

Uavgjort mellom Bodø/Glimt og Molde - les kampreferatet her!

Nordlandslaget heldt stand mot tabeltoppen Molde FK, og resultatet vart 1-1 på Aspmyra stadion. Les kampeferatet her.

Bodø/Glimt-Molde på Aspmyra stadion

Klokka 18 begynte eliteseriekampen mellom Bodø/Glimt og Molde på Aspmyra Stadion. Stillinga er 1-1.

Foto: Torbergsen, Mats / NTB scanpix

På ti strake kampar i Tippeligaen har ikkje Molde tapt ein einaste ein. Om laget vinn mot Bodø/Glimt vil det bety at dei har slått si beste rekke under Ole Gunnar Solskjær.

Bodø/Glimt, på si side, har sluppe inn mål i samtlege av kampane i Tippeligaen denne sesongen, og har vunne knapt med eitt mål i sigrane dei har bak seg, forutan 4-2-sigeren over Sogndal i april.

Sist gong laga møtte kvarandre i Bodø var i juli 2009 då bortelaget vann 4-2. Sjølv om statistikken ligg i favør til Molde, er det langt frå sikkert at Bodø/Glimt vil gje gjestane ein lett match denne gongen. Laget har nemleg vore sterke på heimebane der dei berre har hatt eit tap så langt i sesongen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..