NRK Meny
Normal

Aalesund slo Sandefjord 2–0

Edwin Gyasi og Mustafa Abdellaoue scora måla då Aalesund slo Sandefjord. Aalesund har vunne fire av dei siste fem heimekampane.

Eliteserien fotball 2017, Aalesund - Sandefjord.

Trenar Trond Fredriksen fylte 40 år, og kunne juble saman med tomålsscorar Edwin Gyasi.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

AaFKs Mustafa Abdellaoue scora på straffe etter berre åtte minutts spel, og etter 26 minutt dobla Edwin Gyasi leiinga. Abdellaoue har tidlegare vore toppscorar i Eliteserien. Og det er slett ikkje urealistisk at han kan oppnå dette i årets sesong også.

– Eg prøver sjølvsagt å score. Eg hadde fleire store sjansar i dag som eg ikkje scora på. Men slik er det nokre gonger. Vi kjem til mange sjansar og dei bør setjast. Det gjer eg neste gong, seier Mos til NRK.

– Vil ta Brann også

Mos hadde fleire sjansar der han kunne ha avgjort kampen. Mot slutten kunne det absolutt ha stått 3–0 til Aalesund.

– Den siste sjansen var nok den aller største. Eg skulle berre legge ballen roleg tilbake, men eg trefte heilt feil med knotten. Då gjekk han rett ut. Nei, akkurat den der var skuffande, medgir Mos.

Mostafa Abdellaoue stortrives i AaFK for tida. Det går bra for klubben. Dei scorar mål og sankar poeng.

– Dette er det viktigaste akkurat no. Og så skal vi ut ein tøff kamp mot Brann. Og vi har tenkt å ta med oss poeng derfrå også, seier han.

– Ei fin 40-årsgåve

Trenar Trond Fredriksen feira 40-årsdag i dag. Og sigeren i dag tok han som ei av mange fine gåver.

– Det har vore ein fin dag og sigeren var ei av mange fine gåver. Tre poeng var ei fantastisk fin gåve. Dette likar vi, seier 40-årsjubilanten.

Kvifor lukkast de så godt mot Sandefjord?

– Vi hadde god kontroll. Men første omgang var klart mykje betre enn andre omgang. I første omgang spelte vi god fotball og produserte mange målsjansar i tillegg til scoringane. I andre omgang blei vi litt passive og stilleståande. Sjølv om det aldri var fare på ferde skulle eg ønskje at vi brukte andre omgang litt betre, seier Fredriksen til NRK.

Sandefjord spelar neste kamp mot Odd 27. mai, og Aalesund møter Brann dagen etter.

Laster innhold, vennligst vent..