Hopp til innhold

Føler seg mobba

Ordførar i Ørsta, Gudny Fagerhol (Ap), føler seg mobba av Sunnmørsposten.

Gudny Fagerhol
Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Avisa skreiv fredag at Fagerhol brukte gruveulykka i Chile som argument i debatten om tunnel i Hareid fastlandssamband.

Sunnmørsposten, fredag 15. oktober.

Sunnmørsposten si forside, fredag 15. oktober.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Fagerhol meiner dette er tatt heilt ut av samanhengen.

- Eg nemnde vel kanskje dette i ei bisetning, men eg vart sjokkert over å få denne overskrifta i Sunnmørsposten, seier Fagerhol.

Vil ikkje mobbe

Sunnmørsposten kjenner seg ikkje att i kritikken frå Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol. Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, seier avisa ikkje prøver å mobbe nokon.

Hanna Relling Berg

Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.

Foto: Stig Vågnes

- Det har vi heller ikkje gjort i dette tilfelle. Fagerhol sitt poeng kom fram i eit politisk møte, der journalisten brukte det som ein naturleg del av ein politisk debatt, seier Berg.

Vedgår oppblåsing

Hanna Relling Berg vedgår likevel at media kan blåse opp små ting.

- Det er alltid ein fare og noko vi skal tenke over, men i denne saka handlar det om samferdsel og Gudny Fagerhol sitt synspunkt om å vere skeptisk til tunnelar. Ho er også ei stemme som er viktig vert høyrt i debatten, seier Berg.