Hopp til innhold

Føler seg gløymt av telegigantane

Distriktskommunar meiner dårleg dekning er i ferd med å lage eit klasseskilje mellom land og by. I Aure krev dei no at Telenor bygger ut nettet – også der det er langt mellom kundane.

Mobildekning på sjukeheim

SJÅ TV-REPORTASJEN: Omsorgsbustader og ein sjukeheim i Aure kommune på Nordmøre slit med dårleg mobildekning. Det kan få kritiske følgjer.

Ingunn Tømmervåg

Ingunn Tømmervåg sukkar over den dårlege mobildekninga på arbeidsplassen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Inga dekning, seier Ingunn Tømmervåg medan ho står ute på verandaen på arbeidsstaden i Aure kommune. Helsefagarbeidaren må på dagleg jakt i håp om å finne dekning til mobiltelefonen. På Gullstein i Aure når nemleg mobilsignala berre fram på ein god dag.

– Kan få kritiske følgjer

Midt i det i det dekningsfrie området ligg det omsorgsbustader og ein sjukeheim. At digitale arbeidsverktøy ikkje fungerer er ei utfordring – at dei ikkje kan ringe etter hjelp kan vere ei krise.

– Minutta er ganske viktige i akuttsituasjonar, og det tek tid før vi får kontakta 113 eller lege. Det blir kritisk når vi ikkje har dekning, seier Oddrun Tednes som er sjukepleiar i kommunen.

Kjempar for merksemd

Aureordførar Ingunn Oldervik Golmen (Sp) er ein av fleire distriktsordførarar som har stilt krav til telegigantane. Skrekken er at dei bli gløymde og at manglande dekning ekskluderer Bygde-Noreg frå den tekniske utviklinga.

– Dei er veldig offensive med utanlandssatsing, så eg vil tru at vi i distrikts-Noreg ikkje står heilt fremst i pannebrasken deira. Vi må kjempe beinhardt for å få den merksemda og dekninga vi meiner at vi fortener, seier ho.

Lene Sletta, som leiar i heimetenesta i kommunen, seier god mobildekning er eit premiss for å kunne levere gode tenester i dagens Noreg.

Bjørn Amundsen

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, lovar betre vilkår for mobildekninga i Aure kommune.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det gjeld også på andre område og i andre sektorar enn helse- og omsorg, seier ho.

Møte om fire veker

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor seier selskapet jobbar kontinuerleg med å betre dekninga i heile Noreg.

– Vi skal setje oss ned saman med ordføraren i Aure, så skal eg love at eg gjer vårt for å få ei så god løysing som mogleg, seier han.

Ifølgje dekningsdirektøren vil eit møte mellom kommunen og Telenor finne stad om fire veker.