Føler presset

Fleire av vegprosjekta i her i fylket som er prioritert i Nasjonal transportplan (NTP), ligg førebels på vent. I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett som blei presentert i går, fekk E39 Betna-Stormyra pengar til byggestart neste år. No er ambisjonen å få sett i gang fleire vegprosjekt, seier leiaren i Stortinget sin transportkomite, Helge Orten (H). Orten peikar mellom anna på E136 gjennom Romsdal som han føreset at får pengar i 2021-budsjettet. I Møre og Romsdal er forventningane til vegsatsing store, og Orten vedgår at han kjenner presset. – Vi må prøve å gjennomføre NTP på best mogleg måte, for det er det vi har sagt vi skal gjere. Det er viktig å kjenne på det presset og sørge for å følgje opp sakene med regjeringa og departementa, for å få løyvingar til die prosjekta som er viktige for innbyggarane våre, seier han.

Helge Orten
Foto: Erlend Hykkerud / NRK