Hopp til innhold

Fødeavdelinga stenger ikkje i påska

Før jul blei det vedteke at fødeavdelinga i Kristiansund skulle vere stengt i påska 2013. No har det derimot kome på plass ei løysing.

Fødeavdelinga i Kristiansund

Fødeavdelinga i Kristiansund kjem til å ha ope i påska 2013 likevel.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det var leiarrådet i Helse Møre og Romsdal som meinte vaktbelastinga for dei tilsette på fødeavdelinga ville bli for stor.

Difor skulle alle fødande sendast til Molde gjennom heile påska.

To jordmødrer tilsett

Det skapte store protestar frå folk på Nordmøre. Og den siste tida har det vore knytt ein del uvisse til spørsmålet om fødeavdelinga i Kristiansund blir heldt påskeope eller ikkje.

No er derimot løysinga på plass, og fødeavdelinga blir påskeope, fortel klinikksjef Henrik Erdal i Helse Møre og Romsdal.

– Vi er no ut til å ha lukkast med å tilsette to jordmødrer i ledige stillingar.

– Då er vår konklusjon at det er fagleg forsvarleg at drifta går som normalt i Kristiansund gjennom påskehelga, seier Erdal i ei pressemelding.

Vanskeleg å rekruttere

Ifølgje klinikksjefen har vore gjort fleire forsøk på å løyse situasjonen, men det har vore vanskeleg å rekruttere til dei ledige stillingane.

Erdal seier at det har vore eit generelt problem å få tilsett nok folk i jordmor-, lege- og gynekologstillingar.

No har i det minste situasjonen for påska 2013 løyst seg, og dei fødande på Nordmøre har eit fødetilbod ved Kristiansund sjukehus også i påskehøgtida.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL