Hopp til innhold

Fødeavdelinga i Orkdal blir lagt ned

Styret i Helse Midt-Noreg vedtok i eit ekstraordinært styremøte i ettermiddag å leggje ned fødeavdelinga ved Orkdal sjukehus frå 1. juni i år. – Eg fryktar dette gjer mange fødande usikre, seier kommunestyrerepresentant Lise Bjerknesli i Surnadal.

Video Fødeavdelinga i Orkdal blir lagt ned

Fødeavdelinga i Orkdal blir lagt ned

Vedtaket gjer at mange kvinner på indre Nordmøre får lengre reiseveg når dei skal føde.

LES ÒG:

Forslaget om nedlegging har skapt sterke reaksjonar hos mange.

– Dette viser at dei rett og slett ikkje hører på folk, seier Lise Bjerknesli. Ho sit i kommunestyret i Surnadal for Senterpartiet og har engasjert seg sterkt i denne saka.

– Midt mellom fødetilbod

Lise Bjerknesli

Lise Bjerknesli (Sp) likte ikkje avgjerda om å leggje nes fødeavdelinga ved Orkdal.

Foto: Privat

Berknesli kjem frå ei av fleire kommunar på Nordmøre som ligg mellom to fødetilbod, eit i Kristiansund og eit som fram til sommaren vil vere ved Orkdal sjukehus.

– Dersom vi skal til Kristiansund må vi ta ferje, men der er ikkje eit døgntilbod. Så då blir det til at mange reiser nordover, seier Bjerknesli.

Vil samle kompetanse

Styret i Helse Midt-Noreg sitt argument for å leggje ned fødeavdelinga er at dei vil samle og styrke kompetansen ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Men dette argumentet har ikkje Bjerknesli forståing for.

Nei, eg har eigentleg ikkje det. Det tilbodet som har vore i Orkanger med samarbeid mot Trondheim har fungert bra. Dei fleste fødslar er ikkje kompliserte, og då treng vi kapasitet.

Underskrifter hjelpte ikkje

Nesten 8000 underskrifter mot nedlegging har blitt samla inn. Styret fekk dei overlevert i dag.

Med plakatar og faner møtte jordmødrer opp utanfor det ekstraordinære styremøtet i Helse Midt-Norge på Stjørdal onsdag, men det hjelpte ikkje på avgjerda.

Demonstrasjon mot nedleggelse av føden Orkdal

Demonstrasjon mot nedlegginga av fødeavdelinga.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Frå 1 juni i år blir fødeavdelinga ved Orkdal sjukehus lagt ned og dei fødande må då reise om lag 40 minutt lenger til St. Olavs Hospital i Trondheim.

LES ÒG:

– Har prøvd å påverke

Bjerkneslis sit i kommunestyret i Surnadal og seier dei har prøvd å påverke avgjerda.

– Vi har skrive ein uttale på at dette er er noko vi ikkje vil. Vi er med i legesamarbeidet i orkdalregionen. Ein skulle tru dei skulle ha stor innverknad på denne avgjerda, men dei gjekk imot og anbefalte sterkt og utsetje vedtaket, men vart ikkje høyrt.

Er det noko meir de kan gjere no?

– Eg trur dessverre ikkje det. No trur eg det vi berre må gjere det beste ut av situasjonen, svarar Bjerknesli.

Ho seier det no er viktig å verne om ambulansetenesta og styrke den. I tillegg til å ha fokus på samhandlingareforma og få fleire helsetilbod ute i kommunane.