Fødeavdeling får kritikk - men handla ikkje uforsvarleg

Fødeavdelinga i Kristiansund får kritikk, men handla ikkje uforsvarleg då dei nekta ei kvinne keisarsnitt. Barnet døde før fødselen, 16 dagar etter termin.

Video NEKTA KEISARSNITT

Slik fortalde ekteparet Zaki om dramatikken dei opplevde.

Vesle Dani døde i mors liv 4. november 2011. I dagane før dødfødselen hadde mor Hezar Zaki Sadik oppsøkt fødeavdelinga fleire gonger. Heilt til det siste hadde svangerskapet vore uproblematisk, men i dagane før hadde ho vore plaga med hovudverk.

Sjølv visste ho at fleire i familien hadde hatt vanskar med å føde barn naturleg, og då ho kontakta sjukehuset var ho alt på overtid i forhold til den fastsette terminen.

Det er fylkesmannen i Nordland som har granska saka, då fylkesmannen i Møre og Romsdal har sagt seg inhabil. I rapporten får fødeavdelinga i Kristiansund kritikk. Men ifølgje fylkesmannen i Nordland handla ikkje fødeavdelinga uforsvarleg.

I rapporten frå fylkesmannen er det dokumentert at Hezar Zaki Sadik blei lagt inn med indikasjon på overtid og høgt blodtrykk. Men alle dei andre prøvene var normale, bortsett frå at fostervassmengda var i nedre normalnivå. Ho blei dermed utskriven frå sjukehuset.

Kvinna var til kontroll fleire gonger, men blei sendt heim om nettene for å kvile.

To sakkunnige har studert det som skjedde i samband med dødfødselen. Konklusjonen til Fylkesmannen i Nordland er at fødeavdelinga i Kristiansund ikkje braut helselovgjevinga.

Fylkesmannen meiner likevel at fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus har avvike frå god praksis når det gjeld oppfølging av gravide med høgt blodtrykk. Fødselen burde også ha vore sett i gang tidlegare, skriv fylkesmannen, og viser til retningsliner frå Helsedirektoratet.

Overvakinga av fosteret var ikkje i tråd med god praksis, men kan ikkje karakteriserast som uforsvarleg, heiter det i rapporten.

Under undersøkingane og fødselen blei mannen til den fødande kvinna brukt som tolk. Det er ikkje i tråd med god praksis at fødeavdelinga brukte ektefellen som tolk, skriv fylkesmannen.

Fødselen varte i fleire timar. Fylkesmannen meiner at den lange utdrivingsfasen kunne ha vore handtert annleis. Men legen si vurdering om å avvente betre rier kan ikkje sjåast på som uforsvarleg, skriv fylkesmannen i Nordland i sin rapport.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.