Fødande får følgjebil

Freifjordtunnelen vert delvis stengd etter 3.august. Men skal du føde, kjem det ein følgjebil og hjelper deg gjennom.

Gravide
Foto: Veronica Westhrin / NRK

Helse Nordmøre og Romsdal har i samarbeid med Statens vegvesen laga eit opplegg for at fødande kan passere gjennom Freifjordtunnelen - når den

Freifjordtunnelen
Foto: Aina Rødal / NRK

vert delvis stengd kveld og natt etter 3. august.

Når dei fødande seier kva ærend dei er ute i, vil vekter organisere følgjebil for dei gjennom tunnelen.

- Vi vil lage eit trygt opplegg for dei som skal fø, og som etter 3. august må passere gjennom Freifjordtunnelen for å kome til fødeavdelinga ved Molde sjukehus, sier avdelingssjef og jordmor Grete Teigland i Helse Nordmøre og Romsdal.