Hopp til innhold

Fnyser av annonsestunt

Sentrale kritikarar av sjukehusprosessen i Molde og Kristiansund fnyser av annonsen som helseforetaka laurdag sette inn i lokalavisene.

Annonse i Tidens Krav
Foto: Synnøve Hole / NRK

Omlag 50 000 kroner har Helse Midt-Noreg og Helse Nordmøre og Romsdal brukt på heilsides fargeannonser i Tidens Krav og Romsdals Budstikke laurdag.

- Skandaløst

Ralph Herter

Ralph Herter er tillitsvald for overlegane ved sjukehuset i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

- Det er heilt skandaløst. Vi kan ikkje akseptere at helseforetaka kastar offentlege pengar ut av vindauget på denne måten, seier Ralph Herter, som er tillitsvald for overlegane ved sjukehuset i Kristiansund. Han meiner dei burde spart seg annonseinnrykket.

  • Syns du det er greit å bruke 50 000 offentlege kroner på ein slik annonse? Ver med på diskusjonen nedst i artikkelen.

- Dei prøvar openbart å berge tilliten dei har mist, men dei står jo framleis fast på intensjonar og planar, så dette har ingenting for seg, seier Herter.

Les meir om Herters raseri:

- Nøye vurdering

Tor Harald Haukås

Kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås i Helse Midt-Noreg.

Foto: Mette Moslet Kjesbu / NRK

Kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås i Helse Midt-Noreg seier dei to helseforetaka nøye har vurdert om dei skulle kjøpe dei to annonsene.

- Vi meiner saken er så viktig at vi har valt å gjere det slik, seier Haukås, men avviser at det kjem fleire annonser.

Les meir om striden:

Tek sjølvkritikk

Annonse i Tidens Krav

Leiinga i Helse Midt-Noreg og Helse Nordmøre og Romsdal tek sjølvkritikken i annonsen laurdag.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I den heilsides store annonsen som laurdag sto på trykk både i Romsdals Bustikke og Tidens Krav skriv Helse Midt-Noreg og Helse Nordmøre og Romsdal at sjukehussaka har ført til splitting, og at dei tek til seg kritikk om at funksjonsfordelinga mellom dei to sjukehusa ikkje er utgreidd godt nok. "Kanskje har vi heller ikke vist tilstrekkelig ydmykhet i beslutningsprosessen. Det beklager vi - og sørger nå for å kartlegge alle konsekvenser av å overføre viktige funksjoner mellom sykehusene i Kristiansund og Molde".

Lovar å snu alle steinar

Kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås i Helse Midt-Noreg seier at ingenting er avgjort, og at "alle steinar skal snuast". Leiinga har tidlegare foreslått å leggje ned akutt- og fødetilbodet i Kristiansund, og flytte det til Molde, men styret i Helse Nordmøre og Romsdal vedtok sist veke å utsetje forslaget. Haukås seier dei no vil vurdere saka på nytt.

- Her er alle muligheiter opne, seier Haukås, og inviterer samstundes både Herter og andre kritikarar til det han kallar "å bygge bru" i denne saka.

Trur folk ler

Harald Stokke

Harald Stokke er tidlegare ordførar i Kristiansund og no aksjonsleiar.

Foto: NRK

Tidlegare ordførar i Kristiansund, Harald Stokke, som no er aksjonsleiar trur folk ler litt av annonsen.

- Eg trur ikkje denne annonsen vil ha nokon effekt. Helseforetaka sine folk er dømde nord og ned av folket sjølv, og no prøvar dei å rette opp igjen inntrykket. Samstundes vil eg seie at det er greit at dei prøver, seier Stokke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL