Hopp til innhold

Flyttar til Kremmergaarden

NRK Møre og Romsdal flyttar hovudkontoret i Ålesund til nye lokale i Kremmergaarden. – Ei plassering midt i bybiletet ved Brosundet gir oss høve til å vere enda meir synlege. Å vere opne og tilgjengelege for publikum er eit viktig mål for oss når vi flyttar på oss, seier distriktsredaktør Charlotte Ervik. Fleire alternativ blei vurdert før avtalen med Handelshuset Rønneberg blei inngått. Avtalen inneber at dei vel tretti tilsette som jobbar ved kontoret i Ålesund flyttar inn i ein del av andre etasje i nybygget i Kremmergården. Etter planen skal redaksjonen vere på plass i nye lokale i løpet av februar 2021.

Kremmergården i Ålesund
Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL