Hopp til innhold

Flyttar sauene på grunn av auka rasfare

Det er venta store nedbørsmengder i ettermiddag og det betyr at rasfaren ved fjellet Mannen kan auke. Innbyggjarane er ikkje evakuerte, men sauene på Horgheim vart i dag flytta.

Sauer evakuert

Her er sauene på trygg avstand frå fjellet Mannen. For å kome til dette jordet måtte sauene krysse europavegen. Og vegen blei stengd ein kort periode under flyttinga.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Måndag heva NVE faregraden til det nest høgste nivået i det rasfarlege partiet. Det er meldt store mengder nedbør i ettermiddag og geologane ser at fjellet reagerer på regn.

– Frå det vi har sett tidlegare så reagerer fjellpartiet veldig raskt på nedbør på denne tida av året. Difor vil vi vere budde på på at vi kan gå opp i raudt farenivå, seier sjefgeolog i NVE, Lars Harald Blikra.

Ved fjellet Mannen blir sauer flytta til andre sida av dalen på grunn av auka skredfare.

Her blir sauene flytta frå den eine til den andre sida av dalen.

Flyttar sauene

I 11-tida tysdag vart ein del av sauene flytta til andre sida av europavegen, medan andre vert sendt til slakting.

Stine Sætre er fylkesberedskapssjef og har i dag hatt møte om situasjonen.

– Vi er no inne i ein førebuande fase, der vi bur oss på at rasfaren kan auke til raud beredskap og evakuering, seier Sætre. Alle som bur i nærleiken av fjellet har blitt varsla og veit at dei kan bli evakuerte på kort tid, dersom rasfaren aukar meir.

Beredskapsrådet hos Fylkesmannen

Beredskapsrådet hos Fylkesmannen har hatt møte om Mannen i dag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Tilføre ekstra vatn

11 personar fordelt på fire husstandar må forlate heimane sine dersom det NVE set faren til raudt nivå. Dette har skjedd tre gongar tidlegare utan at raset har gått. Det som er spesielt no, er at NVE skal tilføre store mengder vatn for å bidra til at skredet går. Desse planane skal iverksettast når ein ser at bevegelsane i fjellet er store nok.

Tre store vasstankar står klare i fjellet, slik at vatnet kan bli spylt ned i sprekkane i det øvste området der bevegelsane er størst.

– Alt er på plass, så dette kan vi sette i gang veldig fort dersom vi går til raudt farenivå, seier Blikra.

Han trur det tar om lag ti timar frå regnet kjem til ein ser korleis dette har påverka fjellet.

Se utviklingen ved fjellet "Mannen".

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL