NRK Meny
Normal

Flyttar frå fylket

Fleire arbeidsplassar kan hindre fråflytting. Det trur ordførar i Nesset kommune, Rolf Jonas Hurlen. Fersk statistikk viser at fråflyttinga held fram i fleire kommunar i fylket.

fraflytting

Nesset kommune er ei av kommunane som over lengre tid har vore plaga av at folk flyttar.

- I Nesset er det mangel på arbeidsplassar. Nesten halvparten av dei i Nesset pendlar, og det er ei utfordring å halde på dei, seier ordførar Rolf Jonas Hurlen.

Ser lyset i tunnelen

- Vi må få fokus på tiltak som kan få folk til å bli i Nesset, seier Hurlen.

- No har vi stort fokus på å kunne skape nye arbeidsplassar. Mellom anna har vi kome igang igjen med gjennvinningsverksemda vår som i starten av 2000 hadde 150 arbeidsplassar. Vi ser lyset i tunnelen, men ting tar tid. På sikt håper vi å få etablere mange nye arbeidsplassar i Nesset, seier Hurlen.