Hopp til innhold

William (10) fekk skøytebane då flytrafikken stupte

VIGRA PÅ SUNNMØRE (NRK): Parkeringsplassen på flyplassen har stått nesten tom i lang tid. Ein snartenkt tilsett skjønte med eitt kva den burde brukast til.

William Folkestad Synnes

William Folkestad Synnes har aldri før stått på skøyter på ein flyplass, og kjem neppe til å oppleve det mange gonger i livet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det er nesten ikkje ein bil å sjå på parkeringsplassen utanfor flyplassen på Vigra på Sunnmøre. Korona-pandemien har ført til ein bråstopp i flytrafikken, og i lang tid har hundrevis av plassar stått ledige.

Men no er eit hjørne av parkeringsplassen fyllt opp av glade barn.

Ein ivrig tilsett skjønte brått at litt av det store, flate arealet som sto ledige, var perfekt til å lage skøyteis.

– Det er gøy, vi trenar beina og lærer å balansere, seier William Folkestad Synnes (10) i det han spenner på seg skøytene på ei skøytebane han aldri før har prøvd og aldri har sett maken til.

Barn på skøyteisen på Vigra

Ved hjelp av brannbilane på flyplassen har dei tilsette hos Avinor laga solid skøyteis på ein del av parkeringsplassen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

10-åringen bur så langt ute på kysten at det sjeldan er kaldt nok til å gå på ski eller skøyter. Korona-pandemien har sett ein stoppar for mange andre aktivitetar også. Derfor er skøyteisen ekstra kjærkommen.

– Dette er noko heilt nytt. Det er litt spesielt, men eit godt tiltak, seier 16 år gamle Eline Blindheim, som ikkje var sein med å finne fram skøytene då ho høyrde om isen på flyplassen.

Uvanleg oppdrag for Avinor

Like ved skøytebana ligg det høge tårnet som styrer trafikken inn og ut av flyplassen på Vigra. Og vanlegvis er det flydur i lufta og full laurdagstrafikk.

Skjermdump av Avinor sitt innlegg om skøyteisen dei har laga

Det er mange som har likt og kommentert det uvanlege innlegget til Avinor på Vigra.

Foto: Skjermdump

Men dei siste dagane har Avinor brukt utstyrsparken for å få til skøytebane. Først måtte plogbilen brøyte bana, ved hjelp av brannbilane fekk dei sprøyta plassen med store mengder vatn. Så sørga det kalde veret for resten.

– Her var nokre kreative sjeler som køyrde ned, det var i grunn berre eit prøveprosjekt, ler Jan Åge Rørvik, som er utrykkingsleiar for Avinor.

Selskapet skulle aller helst brukt parkeringsområda sine til bilkøyrande flyreisande, men er glade for å bruke områda til noko positivt.

Jens Åge Rørvik

Jens Åge Rørvik i Avinor seier han er glad for alle som kan bruke den uvanlege skøyteisen dei har laga, når parkeringsplassen likevel ikkje blir brukt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Uvanleg skøytefeber langs kysten

Talet på små skøytebaner langs norskekysten har auka drastisk dei siste vekene. Kari Traa er berre ei av dei som har laga si eiga skøytebane. Eit iskaldt høgtrykk frå Russland har tatt med seg store mengder snø og stabile minusgrader.

Hanna Louise Haram og Tea Aurora Dahle

Thea Aurora Dahle lærer tantebarnet Hanna Louise Haram å stå på skøyter.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det har sett fart i skøytesalet, og skapt skøytefeber i eit område det vanlegvis er alt for mildt til å slike aktivitetar. Akkurat slik som på flyplassen på Vigra på Sunnmøre. Her har det aldri vore skøytebane før.

– Eg syns det er veldig kjekt, for det er veldig god skøyteis, men du er ute i frisk luft. Det kjennest nesten ut som å vere i ein skøytehall, seier Margaret Synes Vågsholm (16).

Margaret Synes Vågsholm og Eline Blindheim

Margaret Synes Vågsholm og Eline Blindheim syns kvaliteten på isen er uvanleg god.

Foto: Synnøve Hole / NRK