NRK Meny
Normal

Flykapasiteten blir auka i cuphelga

Både SAS og Norwegian har alt sett opp ekstra fly til og frå Oslo i Cuphelga. Lufthamnsjefen trur dei fleste vil få plass.

Fly

Flykapasiteten blir auka mykje til cuphelga

Foto: NRK

Tor Hånde

Lufthamnsejf Tor Hånde trur dei fleste som vil til Oslo med fly i cuphelga vil få plass.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Tor Hånde, lufthamnsjef på Vigra, seier at SAS alt har sett opp tre ekstra fly, eit på fredag før kampen og to på laurdag. På returen er det sett opp to ekstra fly på søndag og eit på måndag.

– I tillegg til dette har Norwegian sett opp to ekstra fly på søndag, og kanskje blir det fleire når no flyselskapa får litt tid til å tenke seg om, seier Hånde.

Dei aller fleste får plass

Til cupfinalen i 2009 blei kapasiteten auka kraftig også ved at dei normale rutene blei sette opp med dei største flya selskapa hadde til disposisjon. Hånde trur det same vil skje i år.

– I tillegg hadde AaFK sjølve chartra ein del fly, og det er vel ikkje usannsynleg at dei vil gjere det denne gongen også.

Hånde trur at det at dei aller fleste som vil ta turen til Oslo med fly vil få plass.