NRK Meny

Flest brukar Helse Førde

Fire prosent av pasientane som treng poliklinisk behandling i Nordfjord, nyttar Volda sjukehus. Når det gjeld pasientar som treng dag- eller døgnbehandling er det sju prosent. Det viser tal frå Helse Førde for perioden januar til august i fjor. Det er flest stryningar som nyttar seg av Volda sjukehus. I fjorårets åtte første månader nytta 443 stryningar sjukehuset på Sunnmøre.