Flest brot i Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal bryt behandlingsfristane i langt større grad enn ved dei andre føretaka i Helse Midt-Noreg. Det viser ein rapport som blir lagt fram for styret i Helse Midt-Noreg i morgon. For pasientar innan alle fagområda braut Helse Møre og Romsdal fristane i 217 tilfelle i februar. For Helse Nord-Trøndelag og St. Olavs hospital var det tilsvarande talet 50 og 42 gonger. Den øvste blå kurven (biletet) viser tala for Møre og Romsdal.

Fristbrot
Foto: Helse Midt-Noreg