Hopp til innhold

Gamle husråd: Gni vorta med fleskesvor

Om ikkje forsking, så ligg det kreativitet bak gamle husråd. Å fjerne vorter kan vere ein allsidig prosess.

Vorter på barnehand

Illustrasjonsbilete: Vorter er godarta utvekstar i huda som ein kan få av virus.

Foto: Rørslett, Bjørn / Samfoto

Før i tida gjekk husråd i arv mellom generasjonane, til dømes frå oldemor til bestemor. Dei skulle gi utvegar for kvardagslege problem. Då medisinsk kyndige var langt unna, kunne lækjeråd ein greip til i heimen utan å spørje lege, vere gode å ha.

Husråd kan for eksempel handle om forkjøling, flekkar på klede eller korleis få rusk ut av augo. Eller vorter.

Uønskte utvekstar

Stordal, i tekst og toner

I boka 'Stordal - I tekst og toner' finn du mykje informasjon om bygda. Men i tillegg kan du finne artige kjerringråd.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK
Stordal i tekst og toner

Vel, dette rådet om å fjerne vorter kan ta mykje tid og planlegging. Kanskje ei anna ordning er betre?

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Vorter kjem av virus. Derfor fjernar kroppen sjølv vortene over tid. Likevel kan dei vere både stygge og ubehagelege, og mange vel å ty til apotek eller polikliniske løysingar på problemet.

Men før du prøver å etse vekk vorta ved eiga hjelp på badet heime, kvifor ikkje prøve ut eit gammalt husråd?

Fader vår på likbru

Boka Stordal – I tekst og toner av stordalingen Peter Jøsvold kom ut i 1948. I avsnittet om gamle husråd står det skrive om meir eller mindre alternative metodar for å fjerne dei utstikkande hudvekstane.

Han vil ha det slik:

"Det måtte foregå på ei bru som det hadde vært kjørt lik over. En skulle ha to trepinner, helst med borken på, og pinnene skulle legges som et kors. På trepinnene skulle en skjære like mange små hakk som det var vorter som skulle tas bort (...)".

Her kjem Fader vår inn i biletet.

"(...) Så skulle en lese "Fader vår". Mens en leste dette, skulle en snu seg tre ganger rundt og da alltid til venstre. Når dette var gjort, skulle trepinnene kastes på elva. Deretter skulle en gå bent heim, ikke gå innom hos noen og ikke gå andre ærend".

Har du prøvd dette husrådet? Kanskje har du andre vortetips? Send inn til mr@nrk.no.

Nedgrave flesk og ull

Nokre har kanskje gløymt Fader vår eller har vanskar med å finne ei høveleg bru. I boka nemner Jøsvold to alternativ til dei alternative metodane, der det eine er meir grisete enn det andre.

Ein kan ta ein fleskesvor og gni inn alle vortene med. Når det er gjort, skal ein grave fleskesvoren ned i jorda. Ingen må sjå kvar den vert graven ned.

Ein kan òg ta ein ulltråd og knyte like mange knutar på den som det er vorter som skal takast bort.

Også her skal vorteverktøyet i bakken. Etter knytinga stryk ein over vortene med ulltråden, før den skal i jorda på ein stad ingen veit om.

Når tråden er rotna opp, er vortene borte, skal vi tru eitt av husråda for vortefjerning.

Ein lang munnleg tradisjon

Bente Gullveig Alver

Dr. philos og professor i folkloristikk ved Universitetet i Bergen, Bente Gullveig Alver.

Foto: Per Alver

Går vi mange tiår tilbake blei dei gamle husråda brukt rundt om på bygdene i Noreg. Dr. philos og professor i folkloristikk ved Universitetet i Bergen, Bente Gullveig Alver, seier at desse var i bruk til langt ut på 1900-talet.

– Desse var på folkemunne til ganske langt ut på 1900-talet. Dei har sjølvsagt vore i bruk, men vi veit jo ikkje i kva omfang folk brukte dette, seier Alver.

– Dette var ein lang munnleg tradisjon, men dei blei òg skrivne ned i såkalla svartebøker. Dette var reseptbøker som nokre personar hadde, såkalla kloke menneske, held Alver fram.

Prøvde fleskesvor som barn

Bente Gullveig Alver har i mange år forska på magi og trolldom, folkeleg religiøsitet og kulturelle perspektiv på helse og sjukdom. Ho er ein av dei fremste ekspertane i landet på dette temaet.

Men som 11-åring vart ho sjølv plaga med vorter på hendene og fekk råd om å gni fleskesvor på vortene.

– Det var ei gamal kone som sa til meg at dette måtte eg prøve. Så gjorde eg det, og vortene forsvann. Men det ville dei nok gjort uansett, humrar forskaren.

Erfaringskunnskap og magi

Professoren er opptatt av å få fram at dei gamle husråda var ein erfaringskunnskap som gjekk i arv gjennom generasjonane. Dei gamle husråda var noko folk måtte ty til i ei tid der legedekninga var mangelfull og der legevitskapen ikkje gav gode nok svar.

– Det var ei blanding av erfaringskunnskap og magisk regelverk. Dette var ei forestillingsverd med mange element av magi. men du kan på ein måte ikkje skilje desse frå kvarandre. Den magiske overbygninga styrte måten erfaringskunnskapen blei brukt på. Folk trudde det skulle vere sånn, seier ho.

– Men dei leste Fader Vår?

– Ja, men mange av dei gamle bønene som ein kalla trolldomsformlar fordi kyrkja meinte det hadde noko med magi å gjere, blei avslutta med Fader Vår. Folk såg ikkje på dette som trolldom, dei såg på det som ein bøn, seier Bente Gullveig Alver.

Veit ikkje korleis vorter oppstår

Overlege Leif Ivar Hansen ved hudavdelinga ved Ålesund sjukehus seier at legevitskapen ikkje veit så mykje om korleis vorter oppstår, anna enn at det skjer ved smitte.

– Vi veit ikkje noko om inkubasjonsperioden for vortevirus. Det kan vere ei veke, eller eit halvt år. Når ein er smitta startar immunforsvaret på vanleg måte, og antistoffa som vert danna gjer at vortene forsvinn til slutt, vanlegvis innan to år.

Ingen antistoff i flesk og ull

Hansen har òg kjennskap til alternative måtar å fjerne vorter på. Til husrådet med fleskesvoren kan han tilføye at svoren skal gravast ned bak ein låve når det er fullmåne. Når det gjeld ulltråden skal den helst vere raud.

– Det tek jo ei stund før ulltråden råtnar. Det er nok tidsaspektet som gjer at vortene plutseleg er borte når tråden eller fleskesvoren ikkje finst lenger.

– Så det ligg ikkje noko medisinsk mot vorter i fleskesvor eller ulltråd?

Nei, det gjer nok ikkje det.