Flemmen vedgår at det er tøft for ei som er vant med å kjempe i toppen. Ho prøver likevel å tenke positivt, og gjere det betre renn for renn.
Molde-alpinisten vart skada i ankelen i august. Ho har dermed eit veldig dårleg treningsgrunnlag, og det må ho betale for no.
I byrjinga av februar er det VM i alpint, og Andrine Flemmen håper på ein plass på VM-laget. Ho vil ikkje tenke for mykje på det no, og i staden står ho på, og håper på det beste.