Hopp til innhold

Politikarane sa ja: IKEA til Ålesund innan 2018

IKEA seier dei kan opne dørene i Ålesund innan hausten 2018. Torsdag kveld sa politikarane i Ålesund ja til å selje ei tomt på Moa direkte til varehusgiganten.

Ålesund bystyre

Politikarane i Ålesund vedtok torsdag kveld å selje tomt til IKEA.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Tomt Ikea Moa Ålesund

Her er tomta IKEA no får kjøpe frå Ålesund kommune

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Bjørn Tømmerdal

Ordførar Bjørn Tømmerdal var fornøgd med utfallet av debatten.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Vedtaket om å selje til IKEA blei gjort mot 12 stemmer. Dermed blir tomta på Moa selt direkte til varehusgigangen IKEA og ikkje lagt ut på den opne marknaden, slik fleire av politikarane har tatt til orde for før. Ordførar Bjørn Tømmerdal frå Høgre er var veldig godt fornøgd etter vstemminga.

–Eg syns dette var eit klokt utfall. Det betyr at vi kan få glede og nytte av IKEA som den regionale motoren det har vore alle stader der dei har etablert seg, seier Tømmerdal til NRK.

Han meiner det er så mange nytteverdiar knytt til ei slik etablering, både når det gjeld arbeidsplassar og utvikling for andre næringar. Tømmerdal meiner ei slik etablering vil bidra til å gjere Ålesundsområdet til eit landsdelssenter.

– Så for Ålesund og Sunnmørsregionen er dette veldig viktig, seier Tømmerdal.

Klar for å gå vidare med planane

IKEA gjøres ferdig

Den svenske varehusgiganten får etablere seg på Moa.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK
Kristian Willanger

Kristian Willanger i IKEA si informasjonsavdeling.

Foto: Ikea

Med ja frå politikarane i Ålesund er IKEA no klar for å starte prosessen vidare. Varehuset som er planlagt på Moa vil truleg gi om lag 200 nye arbeidsplassar. Det stadfestar Kristian Willanger i IKEA si presseavdeling.

Willanger seier dei er usikre på kor lang tid det vil ta før dørene kan opne, men seier 2017 - 2018 er realistisk.

– Eg har diskutert med eigedomssjefen om når dette kan skje. Det kjem litt an på når vi kjem i gang. Det vi veit er at det tar to år å regulere og eitt år å bygge. Men før vi kjem så langt må vi ferdigforhandle som også ta tid. Så 2018 er nok meir sannsynleg enn 2017, seier Willanger til NRK.

Neste steg for IKEA no er å få på plass detaljane i kjøpekontrakten før dei startar reguleringsprosessen i samarbeid med Ålesund kommune. Willanger seier dei trur på godt besøk når dørene opnar.

– Ut frå tidlegare erfaringar og med utgangspunkt i folketalet i regionen reknar vi med å ha 1000 kundar innom dørene på ein vanleg dag, seier han.

Skuffa motstandarar


Vedtaket om å selje til IKEA blei gjort med stemmene frå Høgre, Framstegspartiet, delar av Arbeidarpatiet, Venstre og Tverpolitisk liste i tillegg til ein representant frå Kristeleg Folkeparti

IKEA har gitt eit tilbod på 40 millionar kroner for tomta. Eit sal på den opne marknaden kunne truleg gitt meir pengar i kassa, men politikarane har altså valt å selje direkte til den svenske varehusgiganten.

Sindre Nakken i Ålesund bystyre

Sindre Nakken frå Arbeidarpartiet stemte i mot tomtesalet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Sindre Nakken frå Arbeidarpartiet har vore ein av dei skarpaste motstandarane av denne løysinga. Han var ikkje overraska over resultatet torsdag kveld,

–Eg er litt skuffa, fordi eg trur vi kunne fått meir for tomta på den opne marknaden og dermed få større inntekter til kommunen. Men det var ikkje uventa

Han viser til at dette er den siste store tomta på Moa som er regulert til næringsformål. ham meiner den difor truleg kunne vore interessant for svært mange fleire enn IKEA.

– Men kva meiner du om argumenta for IKEA no då?

– Eg kjøper den at det set eit stempel på byen. Men kor mange hue skal vi ha i handa da? Er det slik at alle byar med respekt for seg sjølv må ha eit IKEA?

Han vil likevel ønske IKEA velkommen når det no er klart at dei kjem.

Eit forslag frå Venster og Tverrpolitisk liste om å krevje at IKEA legg til rette for lyntogstasjon ved varehuset blei nedstemt.

  • Sjå tv-reportasjen om vedtaket:
    IKEA opnar dørene sine i Ålesund i løpet av tre til fire år. Det er klart etter at bystyret i Ålesund i kveld sa ja til å selje tomt til varehuskjeden på Moa..