Hopp til innhold

Fleire vil lokke slik som Vanylven

Vanylven kommune i Møre og Romsdal lokkar tilsette til seg ved å betale ned studielånet. No snusar fleire kommunar på den same lokkemetoden.

Syvde

Vanylven lokkar ikkje berre med vakker natur. No tilbyr dei både høgare startløn og sletting av studiegjeld for dei som søkjer på kommunale stillingar.

Foto: Joakim E. Øvregård

Det er i Finnmark og Nord-Troms at kommunen Vanylven på Sunnmøre har funne måten dei no lokkar til seg både lærarar, sjukepleiarar og andre kommunalt tilsette. I Finnmark og i Troms-kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy får folk sletta ti prosent av det opphavlege studielånet, med ei maksgrense på 25.000,- kroner pr. år. Forskjellen er berre at i nord er det Lånekassen som ettergjev låna. I Vanylven er det kommunen som pungar ut.

– Fleire vil til Vanylven

Og resultata har alt byrja å vise seg i Vanylven, sjølv om den nye lønspolitikken berre er nokre veker gamal og sjølv om kommunen ikkje har byrja marknadsføringa av prosjektet.

Lena Landsverk Sande

Lena Landsverk er ordførar i Vanylven.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi ser alt at vi har større søking og godt kvalifiserte søkjarar til fleire av lærarstillingane, seier kommunalsjef for kultur og oppvekst, Frode Vik.

Til no har kommunen tilsett åtte nye lærarar og to rektorar. Og no jaktar kommunen på både kulturkonsulent, sjukepleiarar og andre stillingar i helsesektoren.

Vi har gått litt forsiktig ut i og med at vedtaket er nytt. Men vi har hatt god respons og det skal bli spennande å sjå korleis dette utviklar seg, seier Vik.

– Stor interesse

Og no er det fleire kommunar i og politikarar frå fleire stader i Noreg som ser til Vanylven. For mange distriktskommunar har vanskar med å rekruttere nok kvalifiserte tilsette.

Eg har fått mange førespurnader. Det er mange som tykkjer dette er spenstig. Og no har dei lyst til å fronte dette i sin eigen kommune, seier ordførar i Vanylven, Lena Landsverk til NRK.

Det er uvisst kor store kostnader denne rekrutteringsmetoden vil føre til for Vanylven. Men både politikarane og den lokale administrasjonen ser at det vil vere god økonomi og ein effektiv måte å sikre kompetansen i kommunen på.

– Vi må gjere ein innsats for å få folk til å flytte hit. Éin innbyggjar er ein stor verdi for kommunen. Tilflytting får stor betydning både for kompetansemiljøet og for å skape ein betre kommune. Det er viktig at vi tek oss råd til dette. Innbyggarane gjev også pengar til kommunen, seier Landsverk.

– Staten har eit ansvar

Likevel er dette eit økonomisk løft for kommunen. Landsverk ser gjerne at også Staten kan medverke til å stimulere til rekrutteringa i distrikta.

– Staten burde også ta eit ansvar for å få folk til å busetje seg i distrikta. Frå statleg hald heiter det ofte at det er umogleg å gjere noko med sentraliseringa. Men eg meiner bestemt at det er mogleg å legge til rette for at to i eit forhold skal kunne bu i ein mindre kommune. Ofte er det jobb til berre den eine. Dermed får vi ikkje den familien hit, seier Landsverk.

Då er det godt for kommunen å sjå at tiltaka dei set i verk faktisk verkar.

– Tilbakemeldingane er svært positive, seier kommunalsjef Frode Vik, som no har fått fleire kvalifiserte søkjarar til ei rekkje stillingar i Vanylven.