Hopp til innhold

– 3.000 kr for påfyll av ferjekort er for mykje

Vil du ha ferjebillettar til halv pris? Då må du betale 3.000 kroner først. Tusenvis av ferjereisande protesterer mot praksisen.

Ferje

Er du også ein av dei som tykkjer det er mykje å måtte fylle heile 3.000 kroner i gangen når du skal på ferja?

Foto: Frode Berg / NRK

Ein ferjetur på strekninga Ørsneset-Magerholm kostar 72 kroner. Men er du litt lurare, drar du sjølvsagt fram ferjekortet. Då er det halv pris – berre 36 kroner.

Ikkje alle får halv pris

Men for å få tak i billig-billettane må du først betale 3000 kroner. Det er nemleg prisen for å fylle på verdikortet den første gongen.

FErjekort

Bodil Brandal meiner at det offentlege er med å forringe livskvaliteten hennar ved å setje grensa for påfyll til eit så høgt beløp som 3000 kroner.

Foto: Frode Berg / NRK

– Det er ikkje berre å hoste opp 3000 kroner. Det går i neste omgang utover kor ofte eg har råd til å vitje mi gamle mor på sjukeheimen i nabokommunen. For å kome meg dit er eg avhengig av bil og ferje, skriv Bodil Brandal i Sande.

Ho meiner at det offentlege er med å forringe livskvaliteten hennar ved å setje grensa for påfyll til eit så høgt beløp som 3000 kroner.

  • Kva syns du om at det kostar 3000 kroner å fylle opp verdikortet? Sei meininga di nedst i artikkelen!

Mange medlemmer på kort tid

Ei gruppe på Facebook aksjonerer no for å få inngangssummen ned til 500 kroner. Dei siste par dagane har talet på medlemer auka til over 5000.

Initiativtakarane meiner at den som først har kjøpt eit verdikort for 3000 kroner, må få fylle på den summen ein sjølv vil etterpå. I dag er det slik at det kostar 3000 kroner kvar gong kortet er tomt.

– Synd at det "dei rike" sin fordel, skriv ei anna. Ho meiner det ikkje er dei som treng halv pris. Og får støtte frå ei som presenterer seg som student og mor:

– Stort sett må eg kjøpe enkel billett til lønna kjem, det er faktisk ikkje alltid eg har 3000 kroner ekstra, skriv ho.

Les også:

Vil ikkje berre sitje å sjå på

William Holden

Voldingen William Holden har fått nærare 6000

Foto: privat

Voldingen William Holden er den som starta opp facebook-gruppa torsdag. Søndag har talet på tilhengjarar passert 5500. Han seier dette klart er ei sak som opptek folk.

– Eg har ikkje alltid dei 3000 kronene sjølv, og så høyrer eg at mange andre snakkar om dette, då var det kanskje på tide å gjere noko med det.

– Men klarer du å få til ei forandring, trur du?

– Det er vanskeleg, men du får heller ikkje gjort noko om du berre sit der og ser på, seier Holden. Laurdag ettermiddag skal han treffe ein lokal samferdselspolitikar for å diskutere saka.

Leif Øverland

Fjord1 vil ta initiativ til eit møte med samferdselsdepartementet, seier adm.dir. Leif Øverland i Fjord1.

Foto: Fjord1
Vil be om møte med departementet

Administrerande direktør Leif Øverland i Fjord1 seier han vil ta initiativet til eit møte med samferdselsdepartementet. Han har lagt merke til facebook-aksjonen, og seier det er selskapet si plikt å forhandle på vegner av kundane.

– Ja, det er vår jobb å gjere, og vi vil gjerne ha med oss representantar frå facebook-gruppa, seier Øverland. Han meiner at initiativet må takast på alvor sidan såpass mange reagerer, og seier han har stor tru på at dette kan gjerast noko med.

Trur ikkje på 500-kronersgrense

Ein del av medlemmene i facebookgruppa meiner at verdikortet bør kunne fyllast på med så låge summar som 500 kroner, ikkje 3000, som i dag. Men det har ikkje Øverland noko tru på.

– 500 kroner er ikkje eit realistisk beløp. Husk at kortet skal gje ein betydeleg rabatt, seier Øverland. Han vil ikkje meine kor lite folk bør kunne setje inn på kortet.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå samferdselsdepartementet i dag.