Hopp til innhold

Fleire vil fjerne tatoveringar

Ein enorm auke i tatoveringsstader har gjort det lettare enn nokon gong å la seg tatovere her i landet. Samtidig aukar pågangen frå dei som vil fjerne tatoveringar.

En enorm økning i tatoveringssteder har gjort det lettere enn noen gang å la seg tatovere her i landet. 
Samtidig øker pågangen hos de som fjerner lite gjennomtenkte tatoveringer.

SJÅ TV-SAKA: Det blir stadig lettare å la seg tatovere, samtidig aukar pågangen frå dei som vil fjerne tatoveringar som dei angrar på.

– Tatoveringa var rett og slett veldig lite gjennomtenkt, fortel Henriette Male.

tatovering

TATOVERING: Henriette Male vil fjerne tatoveringa ho tok for om lag tjue år sidan.

Foto: Eirik Haukenes / nrk

Ein tjue år gammal god ide skal vekk. Male er ein av stadig fleire som vel å fjerne tatoveringar som dei i etterkant har angra på.

I dag har ho tatt turen til klinikken for å fjerne rosetatoveringa ho tok då ho var 17 år.

– Det var ei impulshandling. Der og då tenkte eg at det sikkert var kult å ha ei tatovering, men så gløymer du kanskje at du må leve med den resten av livet, seier ho.

Fleirtal kvinner

Og akkurat den oppdaginga er det stadig fleire som gjer. Undersøkingar viser at så mange som ein av tre angrar på tatoveringane sine.

tatovering

FJERNAR: Svein Johansen fortel at det er mange som vil fjerne gamle tatoveringar.

Foto: Eirik Haukenes / Nrk

Svein Johansen, eigar av klinikken fjerne-tatoveringar.no, har merka ein tydeleg auke.

Han har opplevd at det spesielt er kvinner som angrar på den permanente kroppskunsten.

– Mange av dei har tatt den i tjue åra, og det er ofte snakk om ein Disney figur, ei rose slik som denne og andre liknande motiv, fortel Johansen.

– Som regel plassert på skuldra, brystet eller litt bak på ryggen, held han fram.

Tenke seg godt om

Inne på Kristiansund sitt tredje tatoveringsstudio blir ei ny rose festa til eit blankt lerret. Tommy Berntsen, eigar Berntsen & sön, har tatovert mange ulike tatoveringar opp igjennom åra, og meiner det er viktig at kundane vel eit motiv dei kan leve med resten av livet.

– Ein må kunne stå inne for tatoveringa i dag, samtidig som ein skal vere nøgd med den om 20, 30, 40 år, seier Berntsen.

Tommy Berntsen

TENKSAM: Tommy Berntsen ber folk tenke seg om før dei vel motiv for tatoveringa.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Talet på tatoveringsstadar i Noreg har eksplodert dei siste åra. Frå rundt ti til over 200 i dag. Men med auka tilgjengelegheit bør ein også tenke seg ekstra godt om.

Berntsen fortel at dei i stor grad prøver å rettleie kundane sine i forhold til val av design og plassering før tatoveringane får sin permanente plass på kroppen.

– Det er ofte lurt å velje noko tidlaust, som du kanskje ikkje angrar på når du blir eldre, seier han.

Dei vil helst ikkje tatovere noko dei trur kunden vil angre på.

– Vi er ikkje moralens vaktarar, men vi veit stort sett kva som fungerer og kva som er forbipasserande, seier Berntsen.

Langvarig fjerning

Tilbake på klinikken sit Henriette Male framleis i behandlingsstolen. Siste laserskot er fyrt av for i dag, men ho er langt frå ferdig. Dei som tenker at det å fjerne ei tatovering er enkelt og greitt tek dessverre feil.

Tatovering

BEHANDLING: Det vil ta om lag ti til tolv fleire behandlingar før tatoveringa er vekk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Male si tatovering treng ti til tolv slike behandlingar dei neste to åra før den kanskje er vekk. Heller då er det ingen garanti.

– Det er mykje lettare å ta ei tatovering enn å fjerne ho, det er i alle fall sikkert, seier Male og ser på resultatet etter den fyrste behandlinga.

– Eg må nok berre smørje meg med tolmod, held ho fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL