NRK Meny
Normal

Fleire vel Fretex framfor søpla

Fleire kastar dei gamle kleda i Fretex sine innsamlingsboksar. Fretex i Møre og Romsdal har fått inn 30 prosent meir klede til no i år enn i heile fjor.

Innsamlingsbokser

Innsamlingsboksane til Fretex står på rad og rekke, klare for å ta imot dei brukte kleda dine.

Foto: Maria Kristina Vevang/NRK

Meir tilgjengelege innsamlingsboksar for alle og ei større givarglede gjer at Fretex håvar inn brukte klede i Møre og Romsdal.

Fleire boksar i distrikta

Driftsleiar Geir Arne Bals i Fretex Midt-Norge seier auken er svært gledeleg.

– Vi har sett ut fleire boksar i distrikta, slik at dei er meir tilgjengelege for dei.

Han og dei andre som jobbar i Fretex tenkte at folk har lettare for å gi når det står ein boks i nærleiken, og det har vist seg å stemme.

– Om innsamlingsboksane er for langt unna, vert det fort til at ein vel å kaste kleda i søppelbøtta i staden for.

Klær

I Fretex sine butikkar kan ein finne mange brukte skattar.

Foto: Sara Lovise Roaldseth/NRK
Fretex-container

Fretex samla inn 11 721 tonn med tøy i Noreg i fjor.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Høgt forbruk

Han trur folk har vorte flinkare til å tenkje gjenbruk av klede.

– Ja, eg trur faktisk det. Vi bur i eit land med eit veldig høgt forbruk. Folk tenkjer kanskje meir på at det ikkje er naudsynt å kaste kleda, men at ein heller kan gi det til nokon som har meir bruk for dei enn ein sjølve har.

20 prosent av kleda som vert samla inn, går til Fretex sine butikkar, medan resten går til land i Aust Europa og i Afrika.

Med sine 39 butikkar over heile landet, hadde i Fretex ein butikkomsetnad på 161 265 kroner i 2012.

Kan kome fleire butikkar

Bals seier at Fretex ikkje har konkrete planar om å opne fleire butikkar i Møre og Romsdal no, men at det kan hende at fleire butikkar vil dukke opp etter kvart.

Fleire innsamlingsboksar vert det i alle fall.

– Vi har samarbeid med interkommunale selskap for å sette ut fleire boksar. I første omgang vil vi sette ut fleire innsamlingsboksar i Ålesund sentrum og i Ørsta og Volda.

Og dersom nokon saknar ei Fretex-boks der dei bur, er det berre å skrike ut, seier driftsleiaren.

– Dersom nokon tenkjer at her skulle vi hatt ei boks, så vil vi gjerne ha tips om det.

Miljø

Ikkje berre er dei brukte kleda som vert samla inn til glede for dei som verkeleg treng det, eller dei som likar å handle gamle klede, gjenbruk av tekstilar er også i tråd med regjeringa sitt mål om å skåne miljøet.

– Regjeringa er tydelege på at dei ønskjer å få meir av tekstilane ut av restavfallet. I mykje av tekstilavfallet ligg det ein del giftige stoff, som ikkje bør gå til forbrenning. Då legg vi til rette for at folk har moglegheita til å heller tenke gjenbruk, seier Bals.