Hopp til innhold

Fleire vegar opna igjen

På fylkesveg 5891 er vegen no opna igjen mellom Bjørneset og Høydalen. Vegen har vore stengt i fleire dagar på grunn av rasfare.

Fylkesveg 5912 mellom Standal og Stavset i Ørsta og fylkesveg 5892 mellom Leira og Viddal i Volda blir også opna frå klokka 10.30 i dag. Også desse vegane har vore stengt på grunn av skredfare.

Også fylkesveg 5928 Tafjordvegen blir etter planen opna klokka 13.00 i dag. Det melder Vegtrafikksentralen. Vegen blei stengd etter eit snøskred natt til fredag.