Hopp til innhold

Fleire unge med tru på framtida i oljenæringa

KRISTIANSUND (NRK): Er olje- og gassnæringa den store, stygge ulven, eller kan næringa vere ein del av løysinga på klimautfordringane? Midt i den verste krisa næringa har opplevd på fleire tiår set Norsk Olje og Gass framtida under lupa.

Camilla Odde

Camilla Odde arbeider som logistikkoordinator på Vestbase i Kristiansund. Ho har stor tru på framtida i oljenæringa.

Foto: Terje Reite / NRK

Camilla Odde arbeider som logistikkoordinator i NorSea Group på Vestbase i Kristiansund. Her held ho styr på materiell som skal ut på feltet og saker og ting som kjem frå installasjonane og skal på land.

– Eg stortrivst. Det er kvardagar som er ulike, det er høgt tempo og arbeidsoppgåvene er varierte. Det likar eg svært godt, seier Camilla Odde.

Ho er med på den landsomfattande møteserien til arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Olje og Gass. Organisasjonen har invitert lokale aktørar, både forkjemparar og motstandarar av industrien til debatt.

Norsk Ole og Gass Kristiansund

Her blir framtida for oljenæringa sett under debatt. Frå venstre: Alf Dahl - Vestbase, Bjørnar Loe - Offshore Network Kristiansund, Syver Hanken- Høgre, Else May Botten - Arbeidarpartiet, Ralph Herter MDG og møteleiar Jan-Erik Larsen.

Foto: Terje Reite / NRK

I tillegg til å ha eit miljøperspektiv, eit velferdsperspektiv og fokus på teknologisk utvikling, engasjerer organisasjonen også ungdom for å få fram framtidsutsiktene for oljenæringa. Dei har fått med seg studentar og unge medarbeidarar for å få fram synspunkt på korleis Noreg skal utvikle seg, kva vi skal leve av i framtida og korleis utvinninga av naturressursane kan skje i ein berekraftig samanheng.

Sjølv i ei tid med både klimautfordringar og stagnasjon i næringa, tykkjer ikkje Camilla Odde at ho har gjort eit for dristig val då ho gjekk inn i oljenæringa.

– Eg tykkjer ikkje det. Vi høyrer heile tida at dette er ei næring i endring. Men eg trur det vil vere behov for denne næringa i mange år. Eg valde å ta utdanning innan petroliumslogistikk og arbeidsplassen på basen oppfattar eg som både trygg og god.

Ho får full støtte frå sjefen på Vestbase, Alf Dahl. Han vil ikkje feste slutten på oljealderen til noko konkret årstal. Men han ser oljenæringa i eit langt perspektiv.

Det er ei omstillingsfase akkurat no. Men med dei ressursane vi har utanfor Midt-Noreg, og med behovet som finst for norsk olje og gass, så ser vi på oljeverksemda i eit perspektiv på fleire generasjonar, seier Alf Dahl.

Norsk olje- og gass Kristiansund

Om lag eitt hundre personar var til stades under møtet i Kristiansund måndag kveld.

Foto: Terje Reite / NRK

Dahl seier likevel at omstillingsfasen næringa er inne i no gjev god grunn til refleksjon om kva vi skal leve av når oljen tek slutt, samstundes som klimautfordringane vert tekne på alvor.

– Klarer vi å omstille oss og ta i bruk ny teknologi er verda klar for norsk olje og gass i mange, mange tiår framover.

I oljebyen Kristiansund finst det også folk som meiner at oljealderen må ta slutt så raskt som råd. Mange har ei uro for at bruken av fossilt brensel skal skape eit klima som gjer livet på jorda umogleg. Ralph Herter, Miljøpartiet de grøne, meiner det hastar å setje på oljebremsen.

– Vi må forstå dette i dag. I morgon kan det vere for seint. Oljenæringa er ikkje framtidas forretningsmodell, seier Herter.

Men blir det ikkje katastrofe om vi skrur igjen oljekrana med ein gong?

– Nei. Absolutt ikkje. Vi levde relativt godt også før Noreg byrja å vinne ut olje. Det heile er ei omstillingssak. Ta ein tur til Danmark og Sverige og sjå kvar dei hentar pengane sine. Dei har like høg levestandard som her i Noreg. Vi må tenkje nytt, seier Herter.

Alf Dahl har ei litt anna tilnærming til miljøutfordringane. Han meiner at oljenæringa kan vere ein del av løysinga på klimaproblematikken.

Eg trur alle menneske er opptekne av miljøet og korleis vi kan vere med og påverke omstillinga. Både Vestbase og oljeselskapa er meir enn nokon gong opptekne av korleis vi kan medverke for å få norsk oljeverksemd meir berekraftig, meir omstillingsdyktig og å ta i bruk ny teknologi.

Men det kjem truleg ein opptur i oljenæringa om eit par år. Samstundes krev miljøutfordringane truleg at bruken av fossilt brensel må staggast. Korleis blir balansen i dette?

Dette blir ein viktig balansegang. Vi skal ikkje gå raskare fram enn at vi har kontroll på teknologien og at vi sikrar miljøet. Vekstperioden dei siste 10/12-åra mangla kanskje ein korreksjon midt i. No må heile næringa vere i stand til å resette seg og kunne kombinere tankegangen om verdiskaping med å ta vare på miljøet, seier Dahl.

Norsk Olje og Gass

Norsk Olje og Gass har fått med seg fleire studentar i arbeidet med å finne framtida for olje-og gass-næringa i ei tid då omsynet til klimaet stiller strenge krav.

Foto: Terje Reite / NRK

Camilla Odde seier ho ikkje trur vi har alle svara enno på korleis vi både kan sikre verdiskapinga og trygge miljøet. Men ho er overtydd om at norsk olje- og gassnæring har framtida for seg.

Det kan hende næringa kjem til å bety mindre i framtida. Men næringa vil vere livskraftig i mange, mange år. Det verkar som om fleire av bedriftene vil velje å stå på fleire bein.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL