Hopp til innhold

Fleire trafikkuhell tysdag kveld

I løpet av eitt par timar måtte naudetatane rykke ut på ein rekke trafikkulukker fleire stadar i fylket.

Kollisjon innfartsvegen

Like før klokka 16.00 kolliderte tre bilar på innfartsvegen i Ålesund.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Like før klokka 16.00 køyrde tre bilar inn i kvarandre på innfartsvegen i Ålesund. Ingen personar blei skadd i ulukka, men bilane fekk store materielle skadar og måtte ha hjelpte av bergingsbil. Ulukka skapte også ein del trafikale utfordringar på staden.

Årsaka til ulukka var ein påkøyrsel bakfrå og sak blir opprett av politiet. Førarkortet til bilisten blei også beslaglagt etter påkøyrselen.

To ulukker i Molde

Like før klokka 18.00 fekk naudetatane i Molde meir enn nok å gjere når dei måtte rykke ut til to ulike trafikkulukker samtidig.

Først fekk dei melding om ein kollisjon mellom to bilar på E39 ved Mjelve. Også dette var ein påkøyrsel bak frå.

– Førarane av begge bilane blei sendt til sjukehus for sjekk. Det er ukjent kor alvorleg skadd dei to blei, men dei var vakne då dei blei henta av ambulansen, seier Siri Engdahl operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Omtrent samtidig køyrde ein personbil av vegen på fylkesveg 64 ved Stokkevelta.

– Det var to personar i bilen som blei sendt til sjukehus for nærare kontroll. Det er svært glatt på staden så vi oppmodar bilistar om å ta omsyn til forholda, seier Engdahl.

Ny trafikkulykke i Ålesund

I 18.30-tida skjedde det ei trafikkulukke mellom to bilar på fylkesveg 398 ved Lerstad i Ålesund. Også her skal den eine bilen skal ha køyrd inn i den andre bakfrå. Ein person blei køyrd til legevakt for sjekk og sak blir oppretta av politiet.