NRK Meny
Normal

Fleire trafikkuhell og mykje festbråk

Tilhengar mot møtande bil, og bil i grøfta.

Politi

Politiet har hatt ein del å arbeide med natt til søndag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Klokka 23.22 fekk politiet melding om ein bil som hadde hamna i grøfta i Måndalen i Rauma. Ingen var til stades ved køyretøyet. Det er mistanke om promillekøyring, og saka blir etterforska.

Tilhengar mot bil

Like etterpå kom det melding om ei trafikkulykke på Riksveg 70 aust for Grøa i Sunndal.

Ein tilhengar hadde treft ein møtande bil. Det var store materielle skadar.

Lettare skadd

Føraren, ein mann i trettiåra, vart køyrd til legevakta for sjekk. Han var lettare skadd. Bilen med hengar vart stoppa på Berkåk, melder politiet.

Politiet melder også om fleire tilfelle av ordensforstyrringar og festbråk:

  • Rett etter midnatt vart det meldt om ein vanskeleg gjest ved ein utestad i Molde.
  • Kl. 01.40 vart det meldt om støy frå eit husvære i Åndalsnes sentrum. Festen vart avslutta av politiet.
  • I Kristiansund vart ein mann i tjueåra vekkvist frå ein utestad etter å ha krangla med vaktene.
  • Kl. 02.42 vart ein mann i slutten av tenåra sett i drukkenskapsarresten etter ordensforstyrring ved ein utestad i Molde.
  • Ei overstadig rusa kvinne i trettiåra måtte køyrast heim i Kristiansund.
  • Klokka 03.35 avslutta politiet ein fest på eit hotellrom i Molde.
  • I Kristiansund avslutta dei ein privat fest i sentrum kl. 03.46.
  • Det har vore ein del ordensforstyrringar i Ålesund og i Sykkylven. I Ulsteinvik måtte ein mann settast i arresten etter trugande oppførsel.