NRK Meny
Normal

Fleire til U-21 frå MFK og AaFK

3 AaFK-spelarar og 1 frå MFK er tekne ut i U-21-troppa som skal møte Sveits seinare i månaden.

Andreas Lie

Andreas Lie er ein av AaFK-spelarane som er plukka ut til U21-landslagskampen mot Sveits.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Kampen mot Sveits går i Sion 20. august. Frå Molde er Vegard Forren plukka ut til troppa.

Frå Aalesunds FK er Peter Orry Larsen, Andreas Lie og Jonathan Parr henta opp i troppa.

Kampen er ein del av EM-kvalifiseringa for U21-landslaget.