Stasjonane merkar godt til den stadig aukande kundemassen, og meiner det er meir miljøvenleg å vaske på stasjon enn heime.
Diskutér til slutt i attikkelen: Er det berre miljøsvin som vaskar bilen heime?
Satsar stort
Eigar av Shell/7 eleven på Ysteneset og ved Tinghuset i Ålesund, Geir Ommedal, seier bilvask har blitt eit stort satsingsområde.
– Vi har merka at der er ei stor auke i bilvask på bensinstasjonane, spesielt i 2010, og bilvask er innad hos oss eit satsingsområde, seier han.
Dagleg leiar ved Statoil på Moa, Kjetil Knotten.
Foto: Markus Plementas / NRKOgså til Statoilstasjonane er det fleire som kjem for å vaske bilane sine.
– Vi merkar ei auke på vaskeanlegga våre, og også ei auke i etterspurnaden etter produkt og hjelp til å få bilen reinast muleg, seier dagleg leiar ved Statoil på Moa I Ålesund, Kjetil Knotten.
Miljøbevisste
Geir Ommedal trur årsaka til veksten er at folk er blitt meir miljøbevisste.
– Enten så er det meir komfortabelt for kunden, eller så er dei i ferd med å tenke litt miljø. Trass alt så er der ein del avfall som går ut. Vi har oljeutskiljarar som skånar miljøet.
– Kanskje folk er blitt litt meir miljøbevisste enn å stå der heime i gatene og vaske bilen og la det gå rett i sluken, seier Geir Ommedal.
Bør bli forbode
Klima- og forureiningsdirektoratet tilrår at ein bruker vaskemiddel som er milømerka med Svanen om ein skal vaske bilen heime.
Både Geir Ommedal og Kjetil Knotten meiner det bør bli forbode å vaske bilen heime.
– Vi har store krav frå styremaktene, og eg ser ikkje kvifor folk då kan stå heime og vaske, og la det gå rett i sluk, seier Geir Ommedal.
Les også: