Fleire tatt i trafikkontroll

Politiet har i dag gjennomført fleire trafikkontrollar i fylket i kveld. Ved Røyra i Herøy kontrollerte politiet 103 bilførarar. Der fekk ein bilførar førelegg for manglande bruk av bilbelte. I Fræna gjennomførte politiet ein kontroll i ei 80-sone. Der fekk 14 bilførarar forenkla førelegg for høg fart og fire for bruk av mobiltelefon.